Tips frå ekspertane til korleis du unngår snøskred i fjella

Unngå snøskred når du ferdast i fjellet

VÊR FOR TOPPTUR: Når sola kjem fram, vil fleire ut på topptur. Då blir det viktig å unngå snøskred. FOTO: Arkiv

Med snø i fjellheimen og sol på himmelen, er det tid for toppturar. Her har du det du burde vite for å unngå snøskred på topptur.

Nedst i saka finn du ein radioreportasje med Tormod Eldholm om snøskred.

Snøskredfaren aukar gjerne i takt med temperatur og snømengde, og man må vere obs på at forholda ikkje nødvendigvis er så gode som dei verkar. Då er det viktig å vere klar over kva man skal gjere for å unngå snøskred.

Vi har snakka med Christer Lundberg Nes, forfattar av boka Skikompis; snøskred og trygg ferdsel og Tormod Eldholm, nestleiaren i Volda/Ørsta Røde Kors. Dei fortel oss korleis man skal unngå snøskred når man ferdast i fjellet. 

To løpande vurderingar

— Når man er ute på tur er det viktig at man er god på å vurdere terrenget, seier Lundberg Nes. Han fortel vidare at det er to spørsmål man burde stille seg for å unngå å hamne i eit snøskred.

Det første spørsmålet er: Er her bratt nok til å løyse ut snøskred? Lundberg Nes forklarar at dersom det er ein helling på meir enn 30 grader, burde man finne seg ein annan linje. Brattare helling sørger for større skredfare.

Det andre spørsmålet er: Er eg nær nok ein slik helling til at eg kan bli teken av eit skred? Man er sannsynlegvis ikkje aleine i fjellet, så man burde også vurdere faren for at andre kan løyse ut eit skred over seg.

— Det er to løpande vurderingar du må foreta deg heile tida. Kan eg løyse ut eit skred, eller kan eg bli teken av eit skred? seier Lundberg Nes. Tenkjer du over dette, vil turen bli tryggare.

Både Lundberg Nes og Eldholm legg også vekt på at man burde halde seg oppdatert på skredfaren på www.varsom.no, og setje seg inn i kva skredproblem som blir nemnt her. Dersom man er klar over kva farane i fjellet er, vil man enklare unngå desse.

Ha alltid med utstyr

 I tillegg til å halde seg oppdatert på skredfaren via Varsom, er der andre forhandsreglar man kan ta i førebuingsfasen, før man legg ut på tur.

— Alle som legg ut på tur burde ha med seg spade, søkestang og skredsøkar, og vite korleis man brukar desse, seier Eldholm. Dersom eit skred skulle hende, burde alle vere klare for å kunne hjelpe. 

Det viktigaste er å vere godt førebudd på forholda du kan møte på. Vit kva rute du tek, kva farer du kan treffe her og ver klar for å bedømme terrenget undervegs, så er du klar for toppturar dei komande månadane.

Høyr radioreportasja med Tormod Eldholm her: