Krigar vidare på sjukehusa

Rikslønsnemnda avslår krava fra legestreiken

Slagmarka: Legane på Sunnmøre nektar å gje opp kampen om betre arbeidsmiljø. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

 – Ein skulle tru dei hadde forståing for at eit svangerskap i 8. månad kjem i vegen når ein skal utøve akutt helsehjelp, seier tillitsvald. 

Tillitsvald for overlegar ved Volda sjukehus, Odd Frode Aasen, vart ikkje overraska over resultatet i Rikslønsnemnda på måndag.

– Slaget er tapt, men krigen er ikkje over. Det er mykje frustrasjon blant oss legar, men eg er ikkje overraska over resultatet, seier han.

Truar pasienttryggleik

Shruti Sharma, tillitsvald for Yngre legers foreining i Møre og Romsdal, meiner at den noverande tariffavtalen kan legge enda meir press på legane, og dermed true pasienttryggleiken.

– Ved å tariff-feste kollektive rullerande planar vil ein sikre at enkeltarbeidstakarar ikkje vert sette under utilbørleg press frå arbeidsgivar. Det er framleis mange legar, og da spesielt Legar i Spesialisering (som er i eit utdanningsløp), som ikkje har fast stilling. «Yngre legers foreining» ønskjer å hindre at arbeidsgjevar skal kunne tvinge arbeidstakarar til å måtte jobbe langt utover det som er forsvarleg, seier ho.

Må gå høggravid på jobb

Legane tapte og på kravet om at gravide legar etter 8. månad skulle få automatisk vaktfritak.

Shruti Sharma. Foto: Privat. 

– Konflikta starta fordi arbeidsgjevarane si planlegging av arbeidstidene våre var uhensiktsmessig, i tillegg til at vi ønska vaktfritak for gravide legar i siste trimester. Ein skulle tru at dei fleste hadde forståing for at eit svangerskap i 8. månad kjem i vegen når ein skal utøve akutt helsehjelp. I Helse Møre og Romsdal har vi heldigvis avtalt i vår lokale tariffavtale, at leger i siste trimester får fritak frå vakt. Det følast merkeleg at det ikkje er slik for alle legar i Noreg, seier Sharma.

 

Bryt tilliten i det norske arbeidslivet

Rune Frøyland, forhandlar i «Akademikarane Helse» meiner at vedtaket i Rikslønsnemnda markerer eit brot på tillita mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar i det norske arbeidslivet. Legane fekk tvungen lønnsnemnd etter fem veker med streik den 11. oktober i fjor.

– Arbeidstakarar i andre yrker vil i framtida ikkje tørre å gjere avtalar, som går utanom arbeidsmiljølova. Vi vil anke saka til arbeidsretten dersom vi ikkje får medhald i Rikslønsnemnda, sa han til Næravisa før forhandlingane på måndag.

Må jobbe inn igjen sin eigen ferie

Legane er redde for at helseføretaka skal byrje å plassere turnusar utanfor ferie og permisjonstid, for å spare pengar.

– Om ein lege er på ferie i dag, og det inngår ei helgevakt i hans kollektive vaktplan under ferien så blir den helga tatt av ein kollega. Men, dersom vi går over til kalenderplanlegging, blir vaktene planlagt ut av ferien. Ferie blir ikkje ferie, og man må ta igjen vaktene når ein kjem tilbake igjen, seier Frøyland.

Rune Frøyland, foto: Psykologiforeningen
Rune Frøyland. Foto: Psykologiforeningen. 

Ønskjer ikkje å fjerne kollektive arbeidsplanar

Ingvild Dørnes i Spekter hevdar at organisasjonen ikkje ønskjer å tariff-feste arbeidsrullering, for å ivareta fridomen kvart enkelt sjukehus har til å planlegge forskjellig.

– Spekter har heile tida ønska å vidareføre dagens tariffavtale. Avtalen gjer det mogleg å planlegge arbeidstida på forskjellige måtar, men arbeidsplanar skal uansett bli satt opp kollektivt, og i samarbeid med tillitsvalde. Kalenderplanlegging har ikkje vore eit utbreidd fenomen, sjølv om tariffavtalen gir moglegheit for det, sei Dørnes.

Kva trur Spekter at vedtaket om å behalde den noverande tariffavtalen vil gjere med rekrutteringa av nye legar?

 – Det har eg ikkje nokon kommentar til, vi vil uansett vidareføre arbeidet med å ivareta eit godt pasienttilbod, og trygge arbeidstidsordningar for legane.

Kva tykkjer de om legane sine utsegn, om at dei med den noverande modellen kan bli pålagt å vikariere for seg sjølv?

– Det er ingen legar som treng å jobbe meir enn den stillingsbrøken dei er tilsett i, eller har avtalt. Gjennomsnittleg arbeidstid i veka skal vere i tråd med det, seier Dørnes. 

Dette er saka

  • ​Legane streika i fjor haust for å få tariff-festa kollektiv arbeidsplanlegging, og betre vilkår for høggravide legar. Dei fikk tvungen lønsnemnd etter fem veker, og i Riklønsnemnda tapte dei den 27. februar i år.

  • Legane varsla på førehand at dei ville anke til Arbeidsretten, om dei ikkje fekk medhald. Blant anna fordi dei meiner at ei lønsnemnd, ikkje er kvalifisert til å dømme i ei arbeidsmiljøsak. 

  • På den eine sida står legane og arbeidstakarorganisasjonen deira, «Akademikarane Helse». På den andre står dei regionale helseføretaka, og arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter.