Roleg helg på Søre Sunnmøre

roleg helg på Søre Sunnmøre

ROLEG: Politiet har hatt lite å gjere på Søre Sunnmøre denne helga. Illustrasjonsfoto: Arkiv.

Det har vore ei roleg helg på Søre Sunnmøre, med lite å gjere for politiet.

I følgje Møre og Romsdal politidistrikt sin twitter-konto har folk på Søre Sunnmøre oppført seg pent i helga. Det einaste dei melder frå desse trakter er at nokre personar hadde tømt eit brannsløkkingsapparat utanfor ein utestad i Ørsta ved 23-tida laurdag kveld.

Søndag føremiddag heldt politiet trafikkontroll i Hjartåbygda. 124 køyretøy vart kontrollerte, utan at det vart nokon reaksjonar.