No må du til Ålesund for å måle beinskjørheit

Røntgenmaskin på Volda Sjukehus

No er det ikkje lenger mogleg å ta røntgen av beintettleik på Volda sjukehus. Foto: Vibeke Cederkvist 

Volda sjukehus si røntgenmaskin for å måle beinskjørheit er øydelagd, pasientar vert no sendt til Ålesund sjukehus. 

– Maskina har rett og slett brutt saman. Den fungerer ikkje lenger. Og det finnast helder ikkje reservedelar sidan den er så gamal. Vi har folk som kan å køyre maskina, så det er kjedelig at vi mister dette tilbodet. 

Det seier Alice Tverberg, seksjonsleiar ved røntgenavdelinga på Volda sjukehus. 

Røntgenmaskina avdekkjer om ein er i ferd med å utvikle, eller har utvikla beinskjørheit. Helseføretaket Helse Midt-Norge har bestemt at det skal vere to slike maskiner i fylket, ei i Kristiansund og ei i Ålesund. 

– Sidan Ålesund har eit større nedslagsfelt, altså fleire innbyggjarar, enn Volda, så skal maskina stå i Ålesund. Det er forståelig, men trist. 

Alice Tverberg viser korleis den fungerer, med det som no berre er skalet av røntgenmaskina. 

– Vi tek høgd og vekt på pasienten, så legg dei seg på benken og vi gir dei en puff under beina. Så går maskina over kroppen og målar virvlane i ryggen, hofter og lår. 

Kva vert konsekvensane av at ein mister denne maskina på Volda sjukehus? 

– Det er mange gamle som kjem til desse undersøkingane, så det vil bety lenger reiseveg for dei eldre i nærområdet. Me har køyrt 40-50 pasientar i veka og det har vore lange ventelister. Det seier Torunn Sandnes Lidarende, hjelpepleiar på Volda sjukehus, som har kjaurt maskina i alle år. 

Andre som har nytte av ei slik maskin er pasientar som går på medisinen prednisolon, og ungar med spesielle sjukdommar.  Torunn Sandnes Lidarende legg vekt på at det viktige med beinskjørheit er å oppdage det, slik at ein kan byrje behandling. Og no får du ikkje lenger denne undersøkinga på Volda sjukehus.