Får ikkje flytte russearrangement

Russedåp

Voldarussen har spurt Ørsta kommune om dei kan flytte russedåpen og 1. mai-feiringa til Laguneparken i Ørsta sentrum. Det er Ørsta kommune negative til.

Russestyret ved Volda vidaregåande skule skriv at dei vil vere i Laguneparken fordi det er ei scene der.

– Det blir lettare å få oversikt og oppmerksomheit til kva som skjer under dåpen, skriv russen i e-posten.

Tidlegare år har russen vore i badestranda på Ose.

Kommunegartnar, Olav Saure, skriv som svar til russen at han er negativ til flyttinga av arrangementa fordi det er sterkt trafikkerte vegar like forbi området.

– Det er heller ikkje til å leggje skjul på at det føregår ei utstrakt form for forsøpling og flaskeknusing under sjølve seremonien. Til tider har ikkje dette vore rydda vekk før neste dag, skriv Saure.