Mange undervurderar strålingsstyrken

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

Bruk solbriller og solkrem når du skal på tur i påska!  Foto: Hans ivar Moss Kolseth

Sola kan skine like sterkt i påska, som midt på sumaren. 

I påska oppheld mange seg meir utandørs en ellers.  Da er det ekstra viktig å ta hensyn til auger og hud, som ikkje har sett sol på lang tid. 

– Påskesola er relativt sterk i år,  som følgje av at heilagdagene kjem så seint. Strålinga blir sterkere fram mot sumaren. Sola klatrar høgare på himmelen fram til jonsok, og strålane får kortare veg ned til oss, seier forsker Lill Tove Nilsen i strålevernet.

Lill Tove Nilsen foto: privat
Lill Tove Nilsen foto: Privat

Toppturar i påska kan medføre like sterk strålig som midt på sommaren. Nilsen meiner at mange folk undervurderar kombinasjonen av sol og snø.

– Snø reflekterar solstråler fra alle vinklar inn mot andletet Det er derfor ikkje nok å bruke solbriller, som beskytter mot direkte sollys. Invister i eit par som  sitter tett nok til å dekke augene mot stråling fra alle kantar.

Solkrem er ikkje berre noko ein brukar på stranda, og er minst like viktig i skisporet. 

–  Det er et "must" å smøre godt med solkrem om du skal på skitur i påska. Til toppturar vil eg anbefale tretti  i solfaktor, men husk at beskyttelsesbehovet varierer etter hudtype. Nase, skinnbein og panne er meir utsatt enn andre delar av andletet. Om du bruker solkrem under nasa og på leppene, kan det være lurt å smøre ekstra mange gonger, som følgje av at ein fort slikkar det vekk.