Einstemt om motorisert ferdsel i Snipsøyrvatnet på Hareid

Seier ja til motorisert ferdsel

OPNAR FOR BÅT: Snipsøyrvatnet er blant fleire vatn der motorferdsel i vassdrag kan bli mogeleg. Foto: Google maps

Tysdag skal Næring- og miljøutvalet handsame lokal forskrift om motorferdsel i vassdrag i Hareid kommune. 

Det opnast for motorisert ferdsel i Snipsøyrvatnet på Hareid, det melder Vikebladet Vestposten.

Køyretøya får likevel ikkje køyre fortare enn fem knop.

Grunneigarane ved Snipsøyrvatnet er samde om vedtaket, men fylkesmannen vil ikkje at det skal opnast for motorferdsel i nordenden av vatnet, der det er naturreservat.

I dag skal Nærings- og miljøutvalet handsame lokal forskrift om motorisert ferdsel i vassdrag, det vil seie opne og islagde elvar, bekkar og innsjøar.  Forskrifta vil opne for motorferdsel i vassdrag som er større enn 2kvm i Hareid, for båtar med opp til 25 knop.

Grunneigarane i Snipsøyrvatnet er samde i forskrifta, men fylkesmannen meiner ein ikkje bør opne for ferdsel i nordenden av Snipsøyrvatnet, då dette er ein del av Grimstadvatn Naturreservat. Fylkesmannen rår òg til at det vert sett ei fartsgrense på fem knop.

Etter Næring- og miljøutvalet skal saka til formannskapet, før kommunestyret skal gjer det endelege vedtaket.