Dette må du vite før du sett hummarteinene

Sjekk dei nye hummarreglene

FOR TIDLEG: Denne hummaren vart funnen i ei teine i Austefjorden 19. september, og slept ut att. FOTO: Tarjei Engeset Ofstad 

Skal du trekke hummarteiner på Sunnmøre? Fiskeridirektoratet har oppdatert reglane sine, og omtalar dei som strenge. 

Denne artikkelen er skriven for deg som skal fange hummar på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane, og er basert på ein artikkel frå Fiskeridirektoratet.  Reglar for heile landet finn du i artikkelen

Registrering

Hummarfisket startar 1. oktober klokka 08.00, over heile landet. Sesongen sluttar 31. desember på Sunnmøre. Skal du fangste i det sørlege nabofylket, må du avslutte 31. november Fritidsfiskar eller profesjonell – alle må registrere seg for hummarfiske, før fisket starter. Det speler inga rolle om ein står i Fiskarmantallet frå før. Skjemaet for registrering finn du her. Når du har fått ditt unike deltakarnummer, er du klar for å fiske.   

Fredning

Alle hummarar med utvendig rogn er totalfreda, og skal under alle tilhøve bli sett ut att. Bota for å bryte denne regelen er svimlande 15.000 kroner.  Her er ingen fredningsområder for hummar generelt, korkje i Møre og Romsdal eller i Sogn og Fjordane. Hummar er berre tillat fiske med teiner. 

ULOVLEGE: Dette er eit døme på ulovleve teiner, utan fluktopning, frå Berkneshalvøya. Her går krabber og hummar under minstemålet i fella, utan å kome seg ut. 
FOTO: privat. 

Teiner

Det har blitt lov å sette og trekke teiner på søndager. Teinene skal ha minst to sirkelforma fluktåpninger – éin på kvar side av redskapet. Diameteren på opninga skal vere minst 60 millimeter. Opninga skal vere plassert heilt nede ved botnen av redskapen, slik at hummeren lett kan ta seg ut men ikkje lenger nede enn at det er fri passasje gjennom opningane når redskapet står i sjøen. Alle teiner skal vere tydeleg merka med eigaren sitt namn og adresse og telefonnummer.  Teinene skal bli røkta minst ein gong i veka. Ein kan maksimalt ha ti teiner per person eller per båt - uansett aldri meir enn ti.  

Minstemål

Minstemålet for hummer er i heile landet 25 centimeter. Hummaren skal målast frå spissen av pannehornet til bakre kant av midterste svømmelapp, altså halen.

Vidaresal

 All omsetning av fisk og skalldyr skal skje gjennom eit salslag eller ein godkjent kjøper. Fritidsfiskarar kan omsette for høgst 50 000 kroner i året.

Som forbruker kan ein vere sikker på at hummaren er lovleg omsatt dersom den har eit ID-merke. Mangler dette, er transaksjonen per definisjon ulovleg.

Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda. Særleg interessert i sakar som verdrører både næringsliv og natur- og miljøvern, samstundes. 

FAKTA OM HUMMAR:

  • Er ein klassisk delikatesse, men forboden å ete i jødisk religion
  • Vi kjenner til 48 artar hummar i verda
  • Årleg er det registrert fangst av 30–60 tonn hummer i Norge, men mørketala er trulig store.
  • Lev hovudsakeleg av muslingar, kråkebollar, snegler og børstemark
  • Blir kjønnsmoden mellom 5 til 13 år
  • Som liten kan hummaren finne på å ete søskena sine
  • Opphel seg frå 5 til 40 meters djupne, oftast med både sandbotn og fluktmogelegheiter  

Kjelder:  

no.wikipedia.org/wiki/Hummere

snl.no/hummer

Begge nytta 21.09.2017