Dobbelt så mange stemmer som i 2013

Sjekk resultatet frå skulevalet her

STØRST VEKS: Marit Aklestad i SV i Ørsta, trur dei gjer det så bra på grunn av saker som klima og miljø.

SV har størst auke frå sist stortings-skuleval frå 5% til 10% av stemmene på landsbasis.

– Eg vert både glad og optimistisk av desse tala, seier Marit Aklestad i SV i Ørsta. Ho trur unge ser på mangfaldet i partilandskapet som ein ressurs og ikkje eit problem.

Les også: Sjekk resultatet fra Ørsta og Volda VGS

Sjølv om Arbeidarpartiet er dei som får flest stemmer, er det også dei som går mest tilbake. I 2015 fekk dei 31%, i dag fekk dei 27%. Men dei har gått opp frå skulevalet i 2013. 

– Dette er i alle fall ein vind som kjem frå unge mennesker, det lar seg ikkje diskutere. Når Ap vert større enn Høgre og Frp til saman, er det eit spennande frampeik når det gjeld måndagen, seier Jonas Gahr Støre, leiar i Ap, til NRK.

Dei borgerlige mister feste blant skuleungdommen

Medan partia på venstresida har rykka fram sidan skulevalet i 2013, har Høgre gått frå 28% til 15% og Frp har gått ned frå 15% til 10%. 

– Historisk sett har ikkje partiet vårt gjort det noko bra i skuleval, seier Odd Folkestad frå Frp i Volda, som meiner resultata ikkje er overraskande. Men han er ikkje så bekymra.

Les også: – Anbefaler alle å bruke stemmeretten

– Eg trur det er stor skilnad på det som skjer på skulane og det som skjer på valdagen, forklarar Folkestad. I tillegg meiner han at blanke stemmer kan gje mykje utslag. 

Sjå resultatet her: