– Dette handlar om tryggheita til 70 tusen menneskje 

Sjukehus sak

STILLER SPØRSMÅL: Overlege på Volda sjukehus, Eivind Vinjevoll, stiller spørsmål med kva som står bak den vurderte nedlegginga av traumefunksjonen på Volda sjukehus. Foto: Stine Ødegård

Påtroppande ordførar Sølvi Dimmen og overlege på Volda sjukehus, Eivind Vinjevoll, er klare i talen rundt traumesaka på Volda sjukehus. 

– Vi har vunne første runde. No er det opp til oss å vise til faktagrunnlaget vårt. 

Det seier Vinjevoll når Nærnett møter han utanfor Volda sjukehus torsdag. 

Saman med påtroppande ordførar Sølvi Dimmen, var Vinjevoll på plass for å snakke om utsettinga av vurderinga kring traumefunksjonen på Volda sjukehus. 

I det siste har det våre mykje blest om funksjonen. Og onsdag var mogleg nedlegging av funksjonen oppe til høyring i eit styremøte i Helse Møre og Romsdal i Molde.  Traumefunksjonen tar i mot omkring 100 akutte pasientar kvart år på Volda sjukehus. 

– Dette handlar om 70 tusen mennskje sitt liv og tryggheit. Det vart ikkje godt nok løfta fram før møtet i går, held Vinjevoll fram. 

Som forventa

Vinjevoll fortel vidare at han er glad for at avgjersla vart utsett inn til vidare. 

– Det var gledeleg. Men også forventa frå vår side. Styret kunne ikkje ta ei avgjersle ut frå dei sakspapira dei hadde fått på førehand av leiargruppa.

– Kvar går vegen vidare no? 

– No handlar det om å vise til fag- og økonomigrunnlaget. Gi folk informasjon over konsekvensane ei mogleg nedlegging vil ha for Søre Sunnmøre og Nordfjord, og gi folk insyn i kva for ringverknadar det kan ha. 

Eit av argumenta for nedlegging traumefunksjonen på Volda sjukehus er at fleire av pasientane viser seg å ikkje vere akutte nok til å behov for "traume-teamet". Vinjevoll synes dette argumentet er for smalt. 

– Det er naturen til denne pasientgruppa. Sånn er det, slike team er for sakene det hastar i. Vi kan ikkje alltid avgjere skadeomfanget før vi har møtt pasienten, det er betre å sende det ut ein gong for mykje, enn ein gong for lite, seier Vinjevoll.

– Det er nasjonale kritierier som legg føringar her, og som ein må forhalde seg tru til, held Vinjevoll fram.

Ordføraren er einig 

Påtroppande ordførar i Nye Volda kommune, seier seg langt på veg einig med overlegen. 

– Eg er sjølvsagt glad for utsettinga. Dette gir oss ei moglegheit til å gå vidare å vise til faktagrunnlaget. 

Artikkelen held fram under biletet. 

Traumefunksjonen på Volda sjukehus står i fare for å bli nedlagt. FOTO: ARKIV

Sølvi Dimmen fortel vidare om kvifor ho meiner dette er ei kampsak som er viktig for Volda,  heile Søre Sunnmøre og Nordfjord. 

– Sjukehuset er ein stor arbeidsplass i Volda, så det er utruleg viktig for oss som kommune, seier Dimmen og held fram.

– Men det handlar om mykje meir enn det også Dette handlar om tryggheita til Ørstingar, Voldingar, folk på heile Søre Sunnmøre og i Nordfjord. Vi ønsker å halde informajsonstrykket oppe for å vise fram sakar vår. 

Dimmen har planen klar for korleis dei skal vippe avgjersla i sitt favør. 

– Vi har ein dialog med sjukehuset, fleire aksjonsgrupper og er synlege i media. Vi må halde informasjonstrykket oppe og informere våre innbyggarar om kva dette har å seie for oss.

– Det er viktig at vi mobilserer alle no, avsluttar Dimmen alvorleg.