-Eg vil prøve noko nytt

Skal flytte So es Bors

Jozsef Kabai, dagleg leiar for So es Bors er lei av dei store lokala og vil flytte til ein mindre stad. Foto: Lea Sofie Westad

Tidlegare denne veka vart lokala til So es Bors lagt ut til leige på Finn.no. Dagleg leiar, Jozsef Kabai fortel det ikkje betyr slutten på utestaden. Han vil ut av lokala til fordel for nye.

Eiar av lokala Bjørn Støylen stadfestar at So es Bors skal ut.

-Dei som har lokala har sagt opp leigeavtala, seier han.

For stort og for dyrt

Kabai er lei av dei store lokala, som han føler skremmer kundane. Han skal fortsette ut kontrakta og halde opent fredagar og helgane, men fyrst skal han ta ein to vekers pause. 

- Eg vart lei av den høge leiga og lokala er for store. No vil eg prøve noko nytt og mindre, seier Kabai.

Ny stad, men med mykje av det same

Kabai har alltid drøymt om ein stad med terasse der kundane kan sitje ute med god mat og drikke. Han fortel at den nye staden, viss ting går etter plana, skal ha det. Konseptet skal vere det samme, med bistro og bar. Kanskje det også blir spel, som til dømes biljard.

  - Eg kjem til å fortsette med mykje det same. Eg likar å kunne servere a la carte, men eg blir å halde meg til lettvindt og rask mat. Det er det dei fleste vil ha i desse dagar. 

Merkar færre går ut

So es Bors konkurrerar med Rokken Studenthus og Det Grøne Treet om kundar. Likevel ser ikkje Kabai så mykje problem med konkurransen.

- Det er ulike folk som drar dei ulike stadene og eg trur dei tre vi har trengs på kvar si måte. Det eg heller ser på som eit slags problem er at færre går ut, hvert fall blant dei vaksne. Reknar med at også heimefestar har litt av skulda for at utelivet ikkje er slik det var før. 

Vil ikkje røpe kor lokala blir

Dei nye lokala blir i Volda, men nøyaktig kor vil Kabai førebels halde for seg sjølv.

-Det er hemmeleg. Litt godt å ikkje alltid føle presset og forventningane, seiar Jozsef Kabai med eit lite smil.