- Målet er nasjonal finale i Oslo

Skal representere Volda i quiz-program

QUIZKLARE: Johannes Lien Bischoff (16), Mats Adrian Ohma (15) og Felicia Lerkerød Flo (15) er kalre til å delta på Klassequizen. FOTO: Marius S. Tollaksen

Elevar ved Volda ungdomsskule håpar på å kvalifisere seg til Klassequizen på NRK.

Klassequizen har vore ein landsdekkande konkurranse sidan 2013. No er NRK i full gong med ein ny runde, og over 468 skoler over heile landet har meldt seg på i år.

Me møter ein roleg, men fokusert gjeng ifrå tiandeklasse på Volda ungdomsskule, like før dei skal i ilden. Mats Adrian Ohma (15), Felicia Lerkerød Flo (15) og Johannes Lien Bischoff (16) har vorte valt ut til å representere skulen sin, og er klare for å yte maks.

– Korleis har de forberedt dykk?

– Det einaste eg har gjort er å høyre på tidlegare sendingar av Klassequizen, og kryssar fingrane for at det skal gå bra, seier Ohma.

– Kva tema håpar de på å få?

«Sport!», lyder det frå eit samstemt quiz-lag. Dei legg til at dei også føler seg relativt trygge på samfunnsfag, historie og geografi.

Då me spør om målet er å nå den nasjonale finalen i Oslo og å kome på tv, ser dei på oss som nokre spørsmålsteikn:

– Om me får reise til Oslo, skal me i alle fall vinne, kjem det ifrå ein ivrig Bischoff, då han og med-quizarane vert endå meir motiverte til å gjere det bra. I tillegg er det ikkje feil med gyldig fråvær, humrar dei.

– Kvifor vart det akkurat de som fekk representere klassen?

– Kvar månad har skulen ein nyhende-quiz og dei som får best resultat i klassen, får delta på quiz-programmet.

Til slutt: Korleis er magefølelsen dykkar, no rett før de skal inn?

– Me tek det som det kjem, og satsar på å få spørsmål som me kan noko om, avsluttar dei.

Korleis det går med ungdommane kan du høyre på NRK P1 sine distriktssendingar no på fredag klokka 15.10.