Skal skyta Volda til Eliteserien!

Skal skyta Volda til Eliteserien!

DØYDELEG SKOTARM: Aleksandra Zimny er kjend for å ha eit giftig skot, og er Volda-damene sin tippscorar i årets sesong. (Foto: Idar Arne Kristiansen)

Aleksandra Zimny har vore ein viktig bidragsytar til at Volda-damene har fått ein frisk start på sesongen, med tre sigrar av tre moglege.
 

Den polske vestrebacken er no inne i sin andre sesong i Volda, og sitt tredje år i Noreg. Første året spela ho i Eliteserien, for Storhamar.

Leverer varene, på to frontar!

Zimny kombinerer å diske opp scoringar på handballbana, til å betjene kundar i disken på Kiwi.

– Det er veldig fint å ha jobb på Kiwi utanom handballen. Eg jobbar to dagar i veka, og det passar meg veldig bra, seier ho.

EIT KJEND FJES: Zimny er å sjå både på handballbana og bak kassen på Kiwi. (Foto: Marius S. Tollaksen)

Haslum neste

På søndag tar Zimny og Voldadamene imot Haslum til dyst i Voldahallen. Heimelaget ligg i skrivande stund på 2.plass, a-poeng med ligaleiaren, Flint Tønsberg. Bortelaget, på si side, ligg på ein sjetteplass.

– Korleis ser du på kampen på søndag?

– Me er einige om at det er eit lag me skal slå. Haslum er nyopprykka, men det er viktig for oss å ta alle lag i divisjonen på alvor. Me skal gå «all in», avsluttar ho.