– Korleis kan ein god Gud tillate så mykje dritt i verda?

Skepsisveka

HOVUDTALAR: Jon Romuld Håversen skal snakke om kristendom til elevane ved Volda vidaregåande skule heile veka. 

Ein treng ikkje å gå langt for å observere den enorme vondskapen i verda. Det er berre å skru på fjernsynet eller opne avisa. Har Gud slutta å fungere? Det er eit av spørsmåla som vert diskutert i skepsisveka.

– Det kan sjå ut som om det er ein god, allmektig Gud i ei fæl verd. Alle må gjere greie for verdas vondskap, meiner Jon Romuld Håversen.

Håversen, som kjem frå Kristiansand, har kome heile vegen til Volda for å vere hovudtalaren i skepsisveka. Til dagleg studerer han kommunikasjon og livssyn ved NLA Mediehøgskolen Gimlekollen i heimbyen sin.

Oppgjer med det vonde

19-åringen har lese mykje i bibelen, og fortel at dersom Gud er god vil han utslette det vonde. Og dersom Gud er allmektig kan han utslette det vonde.

BIBELEN: Håversen refererte mykje til bibelen. Foto: Herborg Sørli

– Jesus opplevde også det vonde. Sorg med Lasarus, svik med Peter og urettferd med Judas, opplyser Håversen.

Han legg til at bibelen lovar eit oppgjer med det vonde.

Skepsis til religion

Omlag femten elevar hadde møtt opp i festsalen då det første arrangementet i skepsisveka vart heldt. Då det vart opna opp for at elevane i salen kunne stille kritiske spørsmål, var det mange hender som gjekk i vêret.

– Du seier at Gud ein dag skal kome og gjere alt så bra. Kvifor tek Gud seg så lang tid?, spør ei engasjert jente.

Håversen syntes det er eit godt, men vanskeleg spørsmål. Han prøver å kome med eit godt svar, men er litt tenkande og nølande.

– Herren er ikkje sein med å oppfylle sitt ønske, seier han.

Nestemann lurar på korleis ein kan vite at det som står i bibelen er rett.

– Breva og evangelia er godt dokumentert. Det har vore mange augevitne til det som står skrive. Moderne geologi har også bidrege til å forsterke bibelen si truverd, meiner sørlendingen. 

 

 

 

​Skepsisveka

  • Skepsisveka varar frå 21.03 til 24.03.
  • I skepsisveka er det fokus på innvendingar mot kristen tru.
  • Det er skulelaget ved Volda vidaregåande skule som er arrangørar.
  • Det er tredje året på rad skepsisveka vert arrangert.
  • Alt skjer i festsalen på Volda vidaregåande skule.
  • Program:

Tysdag kl. 11:45: ”Korleis kan ein god Gud tillate så mykje dritt i verda?”

Onsdag kl. 11:20: ”Eksisterer Gud? Korleis kan nokon vite det?”

Onsdag kl. 19:00: Jazzkafé med appell: ”Må eg ikkje slutte å synde for å vere kristen?”

Torsdag kl. 11:45: ”Grill ein kristen”

Fredag kl. 11:20: ”Jesu oppstode – Fake news eller alternative fakta?”