Skeptiske ungdommar

Skepsisveka

KRITISKE: Selene Meinseth (f.v.), Elida Hjelseth og Julie Løvik syntes arrangørane for skepsisveka er veldig pågåande og masete. Foto: Herborg Sørli

I går starta Skepsisveka ved Volda vidaregåande skule. Men ikkje alle er like imponerte over arrangementet. 

– Eg har alltid vore skeptisk til Skepsisveka. Det er dumt at religion tek så mykje plass, meiner Elida Hjelseth.

Ho og venninnene Julie Løvik og Selene Meinseth har ikkje delteke på noko som har med Skepsisveka og gjere i år.

– Det burde kanskje også ha vore nokon som tala der, som ikkje var kristne, for å få sett sakar frå fleire sider. Det er ikkje rom for å vere skeptisk når det er så kristelig, meiner jentene som er russ i år.

Positive

Anne Løset, Elise Barstad og Jekeziahrem Villanueva har eit anna syn på Skepsisveka.

NØGDE: Anne Løset (f.v.), Jekeziahrem Villanueva og Elise Barstad syntes skepsisveka er eit bra arrangement.
Foto: Herborg Sørli

– Me var på det som skjedde i går, og så gler me oss til ”grill ein kristen” i morgon. Det er mest populært, fortel jentene.

Dei legg til at dei ikkje er aktivt kristne, men at dei syntes det er interessant med eit slikt arrangement.

– Og så er det bra at hovudtalaren er kristen, fordi då veit han kva han snakkar om, meiner tredjeklassingane.

Travel

SMILAR: Sigurjon Bjarni Sveinsson er kristen, men har ikkje delteke på noko i skepsisveka.
Foto: Herborg Sørli

Sigurjon Bjarni Sveinsson er også elev ved Volda vidaregåande skule. Han fortel at han ikkje har hatt tid til å delta på noko under skepsisveka.

– Eg har hatt det veldig travelt i det siste, seier andreklassingen.

Han legg til at han er kristen, og syntes det er eit bra opplegg.

– Det er imponerande, meiner han.

​Skepsisveka

  • Skepsisveka varar frå 21.03 til 24.03.
  • I skepsisveka er det fokus på innvendingar mot kristen tru.
  • Det er skulelaget ved Volda vidaregåande skule som er arrangørar.
  • Det er tredje året på rad skepsisveka vert arrangert.
  • Alt skjer i festsalen på Volda vidaregåande skule.
  • Program:

Tysdag kl. 11:45: ”Korleis kan ein god Gud tillate så mykje dritt i verda?”

Onsdag kl. 11:20: ”Eksisterer Gud? Korleis kan nokon vite det?”

Onsdag kl. 19:00: Jazzkafé med appell: ”Må eg ikkje slutte å synde for å vere kristen?”

Torsdag kl. 11:45: ”Grill ein kristen”

Fredag kl. 11:20: ”Jesu oppstode – Fake news eller alternative fakta?”