Bamsar og skilt gav dårleg sikt

kosebamse i vindu

DÅRLEG FOR SIKTA: Sjølv om det kan vere fristande å ta med Bamse på tur, rådar vegvesenet frå å la han ligge i frontruta. Illustrasjonsfoto: Even Ørjasæter

Kosebamsar og skilt i frontvindauget er ikkje populært hos vegvesenet.

Ein yrkessjåfør vart nekta å køyre vidare under ein kontroll på Kjøs i Hornindal søndag kveld. Årsaka til dette var grunna «sikthindrande ting i frontruta», noko som i følgje firda.no var eit skilt og nokre kosebamsar.

Slitte dekk og manglande vognkort

I alt 16 køyretøy vart kontrollerte, der tre fekk gebyr for slitte dekk og manglande vognkort. Nok ein sjåfør fekk ikkje lov til å køyre vidare, då køyretøyet var for langt. 

Nærnett

Les flere artikler fra Nærnett.