Høgare valdeltaking enn nokon gong

ENGASJERTE ELEVAR: Valfunksjonær Roar Eide trur mange har stemt blankt i årets skuleval. Foto: Ådne Riis Hallås

Dei blå partia har blitt meir populære på Volda Videregåande skule sidan 2013. Men SV og Arbeidarpartiet er fortsett dei partia som rår. 

Tysdag kveld vart resultatet frå skulevalet kjent. I Volda er det dei raude partia fortsatt er dei som vinn elevane sine hjarter. Arbeidarpartiet slo SV med ein stemme. Medan Framstegspartiet og Høgre har begge dobla oppslutninga si på skulen sidan forrige val. 

Les også: Elevane taler for ein raud regjering

Sjå resultatet her. Hold musepeikaren over søyla for å sjå prosent. 

 

Rekordår for skulevalet

192 000 elevar på vidaregåande skular rundt om i landet skal avgjere årets skuleval. Aldri før har så mange delteke. 

– Då startar vi ved at ein og ein går bak avlukka, ikkje kikke, ikkje hjelpe kvarandre. Vær så god, kjør. 

Roar Eide leiar elevane gjennom det dei no skal gjere for første gong, stemme. Han er til vanleg økonomileiar på Ørsta vidaregåande skule, men har i dag fått rolla som valfunksjonær.

– Ein om gongen, ropar Eide bort til nokre gutar som vil sjå kva dei andre kompisane stemmer. Dei gjer som valfunksjonæren seier. Skulevalet skal vere så realistisk som mogleg. 

– Dette kan gi ein god indikasjon på korleis det går neste måndag, seier Eide. Men det er ikkje berre fordi det er spanande at Norsk senter for forskingsdata saman med skulane arrangerer skulevalet. 

– Det handlar om å lære å bli samfunnsborgarar. Å bli “Gagns menneske” som det står i lova, seier Eide. 

Håvard Mekeland trur resultatet i år kan sjå annleis ut enn for fire år sidan. Foto: Ådne Riis Hallås

Ein lang tradisjon

Sidan 1989 har Norsk senter for forskingsdata arrangert skuleval, dermed er det i år den 16. gongen. Også på Volda vidaregåande skule gjennomfører dei valet. 

– Eg meiner det er viktig å følgje med i politikken og det som skjer rundt i verda, og i Noreg sjølvsagt, seier Håvard Mekeland i andreklasse. Han skal inn å røyste saman med resten av klassa si. I vallokalet vert elevane ein etter ein kryssa av i klasselister som i dag fungerer som “manntal”. Deretter får dei velje eit av 16 parti, eller ein blank setel, som dei puttar i valurna. 

Mekeland er berre 17 år og får ikkje stemme i årets val.

– Det må nok vente nokre år til. Det er litt surt, seier han.

Les også: Over 1200 personar har førehandsstemt i Volda

Store skilnadar

Resultatet frå skulevalet i 2013 viser at elevane i Ørsta og Volda stemmer ulikt. I Volda vart Sosialistisk venstreparti det største med 25% av stemmene. I Ørsta vart Framstegspartiet det største med 23%. 

– Det er ikkje overraskande med så stor forskjell. Vi er to veldig ulike skular, seier Eide. Han meiner det har noko med samansettinga av fag å gjere. I Ørsta har dei mykje praktiske fag, medan i Volda er det stort sett akademiske fag.

– Elevane har nok veldig ulik bakgrunn, også har det mykje å seie kva situasjon dei er i, forklarer Eide. 

Resultatene fra skulevalet kjem i kveld. Før den tid kan du sjå under korleis det gjekk i 2013.