Søppelet vil bli henta i Hornindal

Søppelkrise unngått i Nordfjord

KONKURS: Nordfjord Miljøverk IKS tek no sjølv over ansvaret for henting av avfall i Nordfjord-kommunane. Faksimile: renonorden.no

Nordfjord Miljøverk IKS tek sjølv ansvaret for å hente avfall i Nordfjord-kommunane.

RenoNorden,  hadde ansvaret for innhenting av avfall i fleire norske kommunar, deriblant Hornindal. Dei gjekk konkurs og det har lenge vore usikkert korleis avfallet hos kommunane i Nordfjord skal kunne bli henta.

Nordfjord Miljøverk IKS (NoMil) har tidlegare hatt kontrakt med RenoNorden der dei har hatt ansvar for innhenting av avfall i Nordfjord, mens RenoNorden har stilt med personell, bilpark og utstyr.

No melder NoMil sjølv at dei tek over ansvaret for avfallshentinga. Dei har inngått ein avtale med konkursbuet til RenoNorden om å ta over alt av utstyr slik at dei kan hente avfallet som normalt, også etter torsdag 28. september.

Nærnett

Les flere artikler fra Nærnett.