– No var det på tide at me òg stiller med heimelag!

Sparebank 1 Eliteturnering Volleyball

FOKUS MOT NY SESONG: Vilde Stakseng og KFUM Volda Volleyball gjer siste førebuingar til ny sesong, på det øverste nivået i Noreg. (Foto: Privat)

For tredje år på rad arrangerer KFUM Volda Volleyball, Sparebank 1 Eliteturnering i Voldahallen og Ørstahallen. Nytt i år er at damelag òg skal konkurrera i turneringa. Kaptein for Volda-damene, Vilde Stakseng, meinar det var på høg tid at turneringa blir likestilt.
 

– No var det på tide at damene òg stiller med eit heimalag, syns eg. Det er sjølvsagt veldig stas, og veldig viktig at me konkurrerer på lik linje, seier ho.

Førre helg imponerte Volda-damene og vann Åpningsturneringen i Bergen, kor lag frå både Eliteserien og 1.divisjon deltok. Denne helga fortsetter førebuingane til ny sesong, då Volda inviterar til turnering på heimebane.

– Det var deilig å få ein smakebit på Eliteserie-nivået, då me til eksempel møtte Viking. Me merka at spelet gjekk raskare og at kombinasjonane var fleire, men eg syns me var heilt på nivå med dei andre, fortsett ho.

Se direkte: Nærnett strømmer fredagens kamp mellom KFUM Volda og Toppvolley Norge

Oppkøyring til ny sesong

Neste helg er KFUM Volda Volleyball i gong med sin første sesong i Eliteserien, då dei i fjor rykka opp frå 1.divisjon. Kaptein Stakseng, er klar på at det blir ei heilt ny utfordring, men at laget er klar for å ta utfordringa på strak arm.

– Me er vel ganske einig om at hovudfokus blir på å halde oss i divisjonen, og prøva å hevda oss så godt det lar seg gjera. Eg trur me har mykje å komma med, seier ho.

Dei siste to månadane har vore hektiske for Stakseng og Volda-damene, då det fulle fokus har vore på å vera godt nok førebudd til den nye sesongen, i øverst divisjon i Noreg.

– Me har trena opp mot 7 dagar i veka, så lenge det har vore ledig halltid i helgene. Så, mange av oss har trena 5-7 gongar i veka no i oppkøyringsfasen, seier ho.

HOPPSERVE: Kaptein-Stakseng og Volda-damene har trena spesielt på hoppserven, som ho presiserer er meir vanleg i Eliteserien. (Foto: Privat)

Kva har vore viktigast å trena på, fram mot seriestart?

– Me har trena mykje survemottak. Me er førebudd på å møta ein heilt anna type serve i Eliteserien, nemleg hoppserve. Ellers har me trent på å få større fart i spelet, presiserer ho.

KFUM Volda sin første kamp er heime mot Viking, 6.oktober i Voldahallen. Før den tid er det, Sparebanken 1 Eliteturnering, som byrjar fredag og held på til søndag.

Kva håpar de å få ut av denne turneringa?

– Det er rett og slett berre å gønna på. Ha det kjekt og spele oss litt opp før seriestart. Turneringa førre helg blei spelt på små banar, og no i helga er det på store banar, slik me skal spele i Eliteserien, så det er greit å få kjenne på korleis er, legg ho til avslutningsvis.