– Dei sit i usikkerheit og venter på å flytte

stad skipstunnell

STATSBUDSJETTET: For at skipstunnellen på Stad skal bli virkeleg, treng ein 30 millionar kroner til planlegging i 2019. FOTO/FRAMSIDEFOTO: kystverket.no

STATSBUDSJETTET: Skipstunnellen på Stad har vore på teikneblokka i 20 år. No ser det ut til at myndigheitene fortsetter å teikne i eit år til. – Eg vert frustrert, seier Ordførar Lena Sande i Vanylven. 

Tunnellen skal vere 1,7 kilometer lang, og 37 meter høg. Den skal vere 36 meter brei og ha plass til skip like store som Hurtigruta, ifølge kystverket.no

 Viss den blir ferdig skal den gå frå  Eide i Moldefjorden til Kjøde ved Vanylvsfjorden i Selje kommune. Det var NRK Sogn og Fjordane som fyrst skreiv om saka. 

2021: Før bygginga av skipstunnellen kan starte, må fleire ting vere på plass. FOTO: kystverket.no 

I Kystverkets handlingsplan står det at bygginga skal starte i 2021, men det krevjer planlegging. 

Trenger 30 millionar

Kystverket har meldt inn til regjeringa at dei treng 30 millionar i 2019. I Regjeringas forslag til Statsbudsjettet er det ikkje lagt inn ei krone. Prosjektleiar Terje Andreassen seier at dei ikkje har råd til å setje i gong utan hjelp.

VENTER: Utan pengar frå Regjeringa, har ikkje Kystverket råd til å setje i gong planlegginga. FOTO: kystverket.no

– Vi planla å begynne med blant anna grunnerverv neste år, seier han.

21 tomter blir berørt av bygginga. Å gjere grunnerverv betyr at dei skal kjøpe private tomter der tunnellen skal gå.

– Vi må kjøpe fem eigedommar. Fyrst må dei taksterast, og det kostar pengar, seier Andreassen.

Når pengane ikkje ser ut til å kome, sett det prosjektet på vent.

– Vi kan jo ikkje gjere så mykje. Vi må berre forholde oss til det Stortinget bestem, seier han.

Frustrert

Ordførar Lena Landsverk Sande i Vanylven kommune, meiner skipstunnellen er eit av de viktigaste prosjekta for å sikre trygg ferdsel langs kysten. 

– Det er null satsing på skipstunnellen i år. Eg vert frustrert, seier ho. 

HÅP: Ordførar Lena Sande i Vanylven vil ikkje gje opp håpet om at pengane kjem. FOTO: Vanylven kommune.

Ho meiner det hastar at Kystverket får midla til å starte klargjeringa av grunnen.– Det er mange folk som eiger hus og gardar der tunnellen skal gå. Dei sit i usikkerheit og ventar på at arbeidet skal begynne. Viss Kystverket hadde fått midla til å kjøpe dei ut, kunne disse folka funne seg nye plassar å

bu, seier Sande.

I regjeringas forslag til statsbudsjett står det at dei vil kome tilbake til saka om skipstunnellen. Sjølv om det framleis er håp, meiner ordføraren at pengane trengs no.

– Det er ikkje snakk om store summen dei vil ha. Men pengane ville vore eit signal om at tunnellen skal kome, meiner ho.

Les mer om statbudsjettet sine konsekvenser på Søre Sunnmøre

Nå skal alle få kommunepsykolog

Volda og Ørsta får penger til nye ferjekaier