Stille seilas over fjorden

Stille seilas over fjorden

ELEKTRISK FERJE: Den elektriske ferja MS Eidsfjord glir nesten lydlaust gjennom vatnet i Nordfjorden. Foto: Beth-Kajsa Elveos

Ferjeselskapa Fjord 1 og Norled satsar for fullt på elektriske ferjer. To av dei går på ferjesambandet Anda-Lote.
 

– Elektrisk ferje er gøy, men for meg som styrmann er det ikkje så store forskjellar som ein skulle tru, seier overstyrmann Thomas Esp i det bilane sig inn på dekk under han.

Frå sin posisjon på brua til MF Gloppefjord har han førsteklasses utsikt over den splitter nye superferja som kom til Noreg i byrjinga av januar i år.Ferja er produsert i Tyrkia og er Fjord 1 si første hybridferje. Ferja er meint til å gå 100 prosent elektrisk, men kan gå over på dieselkraft om det vert nødvendig.

80 elektriske batteri gir ferja ein kapasitet som ifølgje mannskapet tilsvara omtrent seks turar over fjorden. Om batteria derimot fell under 40 prosent av kapasiteten vil eit dieselaggregat automatisk starte opp og hjelpe batteria. 

PÅ BRUA: Overstyrmann Thomas Esp har full kontroll ombord på MS Gloppefjord.
Foto: Beth-Kaisa Elveos

Ferja er heller ingen miniputt. Med plass til 120 personbilar, 12 vogntog og 349 passasjerar inkludert eit mannskap på 5, er MF Gloppefjord større enn kva kaptein Joar Skåden hadde førestilt seg før ferja kom sigande inn fjorden frå Tyrkia. 

– Ferja er større enn det vi forventa, det blir nok sjeldan at nokon vert ståande igjen på kaia så lenge desse ferjene er i drift, seier han med eit lurt smil.

Under oss høyrer vi den vande stemma sei «velkommen om bord» som vi alle kjenner frå Fjord 1 ferjer over heile kysten. Utanfor vindauget har ferja, utan at vi merka noko, lagt frå kai og har byrja på overfarten mot Anda med ei fart på 10 knop.  MF Gloppefjord beveg seg nærmast lydlaust over fjorden. 

Toppfart på 17 knop

– Marsjfarta vår er 9 til 11 knop. Men ferja kan kome opp i nesten 17 knop om vi køyrer for full maskin, då går derimot batteria fort tomme. Det har vi berre prøvd ein gong, fortel styrmann Esp mens han sit bak spakane og siktar ferja inn mot Anda ferjekai.

Det er lite trafikk denne dagen, og dei tar seg god tid. Utanfor vindauget passerar den elektriske tvillingferja MF Eidsfjord majestetisk ved MF Gloppefjords babord (venstre) side. På styrbord side ser vi den heilelektriske turistbåten «Future of the Fjords» ved utløpet til Hyefjorden lenger ute. Ho driv med oppsegling før ho skal vere klar til bruk i april.

På Anda ferjekai på sørsida av fjorden ventar bilane. Kaptein Skåden seier han vil vise oss noko kult og viser oss ut på dekk.Vel ute kan vi sjå at ferja nærmar seg kaia. Når ho nærmar seg sender ferja automatisk signal til ein ladestasjon lokalisert på kaia. Etterkvart opnar ladestasjonen seg og ein enorm ladekabel kjem til syne.

Når ferja er lagt til kai sluttar propellane å gå medan ein kraftig magnet held ferja på plass. Styrmann Esp trykkjer på ein knapp på brua og ferja sett seg sjølv til lading. 1000 KW med straum pulserar no inn i ferja.

Vi kan høyre ei fjern brumming frå den veldige kabelen. Ferja skal no ligge ti minutt til kai og fyllast opp med både ny straum og eit nytt lass med passasjerar. 

MF Gloppefjord er starten på eit stort prosjekt. tu.no skriv at Noreg innan 2021 vil ha 60 elektriske ferjer i drift på over 130 ferjesamband i heile landet. Den elektriske ferjerevolusjonen byrja i februar 2015, då Fjord 1 konkurrenten Nordled lanserte ferja «Ampere» på sambandet Lavik-Oppedal i Sogn og Fjordane. Etter dette har ferjerevolusjonen skote fart.

Det norske selskapet Havyard skal produsere og levere tre elektriske ferjer til Fjord 1.

Desse skal leverast innan 2018 er omme og har ein verdi på 50 millionar norske kroner. Fjord 1 aleine planlegg i perioden 2018 –2020 så mykje som 19 nye elektriske ferjer.

Eit moderne maskinrom

Tilbake på MF Gloppefjord er vi no på veg ned i maskinrommet. Maskinsjefen om bord, Ingmar Telvik, viser oss vegen nedover ferja. Det første vi legg merke til er mangelen på åtvaring om bruk av hørselsvern. Når vi kjem innanfor skjønnar vi fort kvifor. Lyden frå ladekabelen er litt høgare her. Bortsett frå den er maskinrommet stort sett stille. Maskinrommet liknar ikkje mykje på andre maskinrom. Overalt heng det åtvaringar om straumskader.  Langs veggane heng det lange rekker med sikringsskap som blinkar i takt med kvarandre. Eit rom er fylt med berre batteri og på kvar side finn vi eit motorrom der den elektriske motoren er lokalisert.

UNDER DEKK: Maskinrommet på MS Gloppefjord minner ikkje om andre maskinrom. 
Foto: Beth-Kajsa Elveos.

Telvik viser fram alt med stor begeistring. Han er openbart stolt over den nye ferja. Slik som resten av mannskapet på MF Gloppefjord. 

Mens Telvik viser fram dei ferjas 80 batteri fortel han oss om den enorme brannsikkerheita vi finn ombord på MF Gloppefjord.

– Ein brann i batteria vil vere katastrofalt, det kan fort gå gale. Derfor har vi system som pompar inn store mengder ferskvatn frå tankar vi har på båten i tilfelle dette skulle hende. Om dette ikkje skulle vere godt nok går det automatisk over på sjøvatn. Ferskvatnet ferja har med seg blir ikkje berre brukt til brannsikkerheit. Ferskvatnet blir brukt til å kjøle ned det elektriske anlegget om bord. Dette kan bli veldig varmt på overfarten. 

Ikkje berre lovord.

I slutten av 2012 stod den nye Anda ferjekai klar til bruk. Den nye ferjekaia ligg meir utsatt til for vestavinden og i tida etter har ferjene i periodar slitt med både straum og vind frå vest som tek tak i ferja og driv ho ut av kurs.

Dette har gjort at ferjene har hatt problem med å leggje til kai på Anda sida av fjorden.

Kaptein Skåden kan ikkje love at desse problema vil forsvinne heilt med dei nye ferjene.

– Den nye ferja er kraftigare enn dei gamle. Men denne, som dei gamle ferjene, har berre ein propell på kvar side. Dette gjer at vi ikkje får den same stabiliteten som to propellar gir. 

Dei nye ferjene har ikkje fått prøvd seg mykje i hardt vær. Det står derfor igjen å sjå korleis ferjene vil greie seg under tøffe forhold, fortel kaptein Skåden.

– Også er det selfølgeleg det med svelene då, vitsar Skåden med eit glimt i auget.

Sånn ser det ut frå brua på MF Gloppefjord når ladaren vert gjort klar: