Framtidas skip skal testast i Storfjorden

SJØLVGÅANDE: Ein modell av det sjølvgåande kontainerskipet «Yara Birkeland», som er designa av Marin Teknikk frå Herøy, vart testa hos SINTEF i Trondheim i går. No vil Storfjorden kunne nyttast til testing av slike skip. Foto: Ole Martin Wold/SINTEF

Avtale om at Storfjorden skal kunne nyttast til testing av framtidas skipsteknologi signert i dag.

29. september vert ein avtale mellom GCE Blue Maritime Cluster, Kystverket og Sjødirektoratet signert i Ålesund. Denne avtalen vil leggje til rette for at Storfjorden, med tilhøyrande sidefjordar, skal kunne nyttast til testing av autonom skipsteknologi. Kommunikasjonssjef Frank Støyva Emblem ved GCE meiner dette vil vere positivt for den maritime industrien på Sunnmøre.

– Dette vil setje Sunnmøre på kartet, bokstaveleg talt, seier han til Nærnett.

TESTFJORD: Storfjorden, med tilhøyrende sidefjordar, vil kunne nyttast til testing av autonom skipsteknologi. Illustrasjon: GCE Blue Maritime Cluster

Teknologi som kjem snart

Autonom teknologi, som vil gjere det mogleg for fartøy å drive seg sjølv eller fjernstyrast, er ein teknologi det satsast kraftig på framover. Her i distriktet arbeider både Rolls Royce og Immarsat med det, og å få testa systema i nærområdet vil verte særs nyttig for dei.

– Det er mange ferjesamband i Storfjorden, som berre går frå A til B, så dei er ideelle for testing, fortel Emblem. 

På Sula og Hareid er det frå før sett opp bølgje- og vindmålarar i samband med Hafast-prosjektet. Emblem fortel at data samla opp frå desse målarane gjev verdifull informasjon. 

ENTUSIASTISK: Frank Støyva Emblem. Foto: aakp.no

– Dette gjer at ein kan få informasjon om både fjord- og havbølgjer som er ideelt for testing.

Tryggleiken først

Storfjorden er ein mykje trafikkert fjord, med cruiseskip, frakteskip, fiskebåtar og fritidsbåtar som ferdast, i tillegg til ferjene. Det finns også fleire oppdrettsanlegg langs fjorden. Sjølv om fjorden no vert mogleg å nytte til testing av førarlause skip, tyder ikkje dette at det vert vill-vest tilstandar på sjøen. 

– Tryggleiken kjem alltid først, seier Emblem, og påpeiker at det er dei vanlege lovane på sjøen som gjeld.

– Alle som vil gjere testar i fjorden må uansett søke Kystverket og Sjøfartsdirektoratet om løyve først, seier han.

Fleire nytteområder

Autonom teknologi vil ikkje berre verte nytta på ferjer. Emblem nemner at den vil også kunne nyttast på andre fartøy, som små undervassbåtar og konteinerskip.

– YARA demonstrerte no nyleg ein modell av «Yara Birkeland», eit sjølvgåande konteinerskip, som er teikna her på Sunnmøre. Den må jo både byggjast og testast, så det hadde jo vore kjekt om det skjedde her, seier han.

I tillegg til Storfjorden, er òg Trondheimsfjorden allereie godkjent som testområde.

Fremst i verda

Norge er eit av dei leiande landa i verda på marinteknologi, og Emblem trur satsing på autonome skip kan love godt for den maritime klynga på Sunnmøre.

– Dette er noko som næringa satsar på, og vil verte eit fint supplement til det dei allereie produserer. Det vil også kunne generere arbeidsplassar, seier han.

– Vi er saman med Finland fremst i verda på slik teknologi, så dette trur eg vil vere positivt for næringa.