Sunnmørsalpane lokka Anita vekk frå Slovenia

Sunnmørsalpane lokka Anita vekk frå Slovenia

ULSTEINVIK: Anita Lah (24) bur nær eit fjelleldorado og nyttar kvar anledning ho får til å bestige nye toppar.                                  Foto: Marita Solheim

24-åringen Anita Lah forelska seg i den norske naturen og dei majestetiske Sunnmørsalpane då ho besøkte landet i 2015. Året etter flytta ho til Ulsteinvik og starta å jobbe som au pair.

– Eg har eit mål om å ha stått på hundre forskjellige fjelltoppar i Noreg før 25-årsdagen min den 15.oktober, fortel Anita Lah engasjert.

17. MAI: Topptur til Fingeren på sjølvaste nasjonaldagen.                                    Foto: Privat

Første møte med Noreg

Anita vaks opp i den vesle landsbyen Tržič i Slovenia, og har alltid vore glad i å reise. Saman med to venninner reiste Anita på ferietur i Noreg sommaren 2015. Dei køyrde bil frå Kristiansand til Trondheim og opplevde mange av dei tradisjonelle turistmagnetane på Vestlandet.

VESTLANDET PÅ LANGS: Anita besøkte Noreg saman med to venninner sommaren 2015. Kjeragbolten var eit naturleg stopp.                                                                      Foto: Privat

– Eg likte Noreg veldig godt og hadde lyst til å bli verande her etter ferieturen, innrømmer ho.

Au pair i Ulsteinvik

I august 2016 flytta ho til Ulsteinvik og starta å jobbe som au pair. Ho trivst godt, og skal bu hos den samme familien i tre år til.

Au pair-ordninga handlar om å hjelpe til med mellom anna husarbeid og barnevakt mot å få bu gratis og lære språket. Formålet er kulturutveksling. Ein au pair skal kjenne seg som ein del av familien. «Au pair» er fransk og betyr «på lik fot». Det viser til at forholdet mellom au pairen og familien skal vere eit forhold mellom likemenn, forklarar Norsk Folkehjelps Au Pair Center. Dei legg til at det er enklare for ein au pair frå EU/EØS-land å bli verande fordi dei raskare får opphaldsløyve.

– Først og fremst må eg passe på borna når foreldrene ikkje er heime. Eg lagar middag og vaskar huset, seier ho. På sikt vil Anita finne seg ein «ordentleg» jobb, som ho ordlegg seg sjølv. Ho er ærleg og seier at ho eigentleg har mykje fritid.

FRAMTIDSDRAUMAR: Anita håpar ho bur i Noreg om fem år, men at ho har ein ny jobb.
                                                                                                                 Foto: Marita Solheim

– Eg kunne tenkje meg å studere friluftsliv. Kanskje eit årsstudium, seier ho og trekk fram Høgskulen i Volda som ein svært aktuell studiestad.

Snøkledde toppar i september

Det var fjella som lokka Anita til Sunnmøre, og ho har dyrka si interesse for ski og toppturar heilt sidan ho forlét heimlandet.

– Forrige fredag var eg på sesongens første topptur i strålande sol. Det er kult å kunne ta i bruk randonee-skia mine allereie i september, seier ho og smiler.

TØFFING: Topptur på Skårasalen.                                                                         Foto: Privat
 

Anita synest det kan vere vanskeleg å bli kjend med sunnmøringane.
– Nordmenn er ikkje så pratsame, seier ho og legg til at det heldigvis er litt enklare å kome i kontakt med folk når ein går i fjellet.

Ho har dessutan fått eit par nye venner gjennom bildedelingstenesta Instagram, sidan ho har posta mange fjellbilder der. Dei har også flytta til Noreg i vaksen alder.

Viser fram Vestlandet

– Når eg får venner eller familie på besøk viser eg fram Vestlandet eller Nord-Noreg, fortel ho. Anita er ikkje spesielt fan av Oslo, og meiner mange turistar går glipp av mykje når dei kun besøker hovudstaden.

Det er dyrt å reise mellom Noreg og Slovenia, så Anita ser ikkje familien sin ofte.
– Eg saknar ikkje Slovenia, men eg skulle ynskje at eg fekk treffe vennane og familien min oftare, seier ho og blir blank i augene. I år blir det ikkje noko besøk av familien sidan ho traff dei i fjor.

TIDLEG KRØKAST: Interessa for ski tok Anita med seg frå Slovenia. Her er ho ti år.
Foto: Privat

Anita har ein bachelor i grafisk design, som ho tok i heimlandet. Ho trur likevel ikkje at ho kjem til å jobbe i mediebransjen med det første.

– Eg er lei av å sitte bak ei datamaskin, avsluttar ho og ler.