Thomas Aune og Fotballklubben til Volda: – Blir mest fjas!

Thomas Aune og Fotballklubben til Volda:

LIVE-PODKAST I VOLDA: Duoen Thomas Aune (t.v.) og Aleksander Schau (t.h.) skal med podkast-suksessen, Fotballklubben, halde live-show på Rokken torsdags kveld. (Foto: Mona Varpe)

Tidlegare Volda-student, Thomas Aune, returnerer til bygda han tok journalistikkutdanninga si. Saman med kompanjongen, Aleksander Schau, skal dei halda live-show med podkast-suksessen Fotballklubben.
 

– Veldig kult å vera tilbake i Volda. Eg hadde ei veldig fin tid her, då eg studerte på radiolinja. Rokken er ny for meg, då eg berre hugsar Det Grøne Treet i mi tid, mimrar Aune.

Fotball på skråblikk

Duoen har ei lang fartstid i gamet. Dei kan sjå tilbake på alt ifrå helgeprogrammet FK Fotball, til 4 kritikarroste bøker om fotball, mange år i TV 2 med blant anna FC Fotball og Premier League-dekning. Dei seinaste åra har dei halde på med podkasten Fotballklubben, og no kjem dei til Volda.

– Me kjem nok til å snakke litt generelt om ting som fascinerer oss frå fotballverda og fotballhistoria. Me har med ein del klipp og bilde, som me vil visa fram. I tillegg kjem me til å vera open for spørsmål frå publikum. Det blir nok mest fjas, legg Aune til avslutningsvis.

Live-podkasten fungerer som eit vorspiel til EM-kvalikkampen der Noreg tar imot Malta. Dei rullar i gong frå klokka 19 og held på fram mot kampstart.

­