Tiltalt for trugslar mot politibetjentar

Tiltalt for trugslar mot politibetjentar

TILTALT: Ein mann i 20-åra er tiltalt for grove trugslar i Søre Sunnmøre tingrett. FOTO: Arkiv

Ein mann i 20-åra er tiltalt ved Søre Sunnmøre tingrett for å ha truga politibetjentar.

Mannen skal ha kome med verbale trugslar mot politibetjentar i Volda.

Ifølgje tiltalen skal mannen ha forsøkt å skalle til ein politibetjent i forbinding med ei pågriping. Han skal vidare ha kome med grove trugslar mot tre andre politibetjentar.

Mannen er også tiltalt for å ha hatt ein stålen sykkel. Det var i forbinding med denne pågripinga han skal ha kome med trugslane mot politibetjentane. 

Saka skal opp i Søre Sunnmøre tingrett 5. mars.