Spissing eller ikkje i barne- og ungdomsfotballen?

Fotballklubbane på Søre Sunnmøre er ueinige i spørsmålet om spissing i barne- og ungdomsfotballen. 

I Hødd IL har det blant foreldre skapt kontrovers at dei allereie i 13-årsalderen deler laga inn i grupper utifrå ferdigheiter, interesse og treningsiver.

–6-12-åringar går innafor barnefotball, og her skiljer me ikkje på laga. I 13-årsalderen deler me dei i to grupper. Dette gjer me for at dei som er på same nivå skal få like utfordringar og oppleve meistring. Det er meir motiverande for alle, og så får dei som er midt i mellom hospitere på 1. laget, forklarar sportssjef i Hødd, André Nevstad.

Nevstad fortel at det alltid vil vere mange meiningar i fotballen, og alle foreldra er nok ikkje heilt einig i den måten Hødd gjer det. Sportssjefen seier og at Hødd får mange positive tilbakemeldingar for modellen dei har gått for.

– Hødd skal legga opp til eit differensiert trenings- og kamptilbod utifrå interesse, iver og ferdigheiter, og er opptatt av å vere ein klubb for alle, og at alle skal få mykje speletid, seier Nevstad.

Kathrine Godager er rådgjevar i NIF, og har klare meiningar på korleis barneidrett bør drives. Foto: NIF 

Norges Idrettsforbund  er ueinige

Kathrine Godager, som er rådgjevar for breiddeidrett i Norges Idrettsforbund (NIF), er klar på kva som er det beste for ungane. 

–Me anbefaler generelt å ikkje toppa lag i idretten. Idretten skal vere et trygt og aktiv miljø for alle. Eg trur mange har dårlige assosiasjonar med ordet «topping». Barns utvikling og modning varierer veldig mykje i ei gitt aldersgruppe, og kven som til ein kvartid er «best» eller har komt lengst i utviklinga varierer hele tida. Ved å velje ut nokon til eit lag eller ei gruppe kan det ha uheldige konsekvensar både for dei som blir valt og dei som ikkje blir valt. Me er opptatt av at alle skal få delta, og at dei skal vere i aktivitet med venane sine.

I barnefotballen vert laga i Hødd delt inn etter alderskull, og laga blir ikkje satt opp utifrå ferdigheiter.  Men innad på treningane hender det at dei deler seg grupper, for at alle skal få like utfordringar på treninga.  

–Det kan jo ofte vere eit sprik i nivået i den alderen. Dei som trenar mykje då, får betre ferdigheiter. Grunnen til at me deler opp litt er fordi me tenker at det er kjekkare for borna å trena i lag med dei som er på same nivå som seg sjølv. Me vil jo at alle skal få kjenne på mestringsfølelse. Det er det som gir motivasjon, fortel Nevstad.

Slik gjer dei det i Ørsta og Volda

Per Endre Woldsund, som er sportsleg leiar i Ørsta Fotball seier at dei er opptatt av at alle skal få like mykje speletid.  

–Vi toppar ikkje lag i aldersbestemte klassar. Vi passar på at alle skal ha det kjekkast mogleg for å halda på spelarane. Me er tydelege på at me ikkje skal toppa lag, og formidlar dette til trenarane i klubben. Dette kan sjølvsagt variera litt i nokre kampar, me prøver å gjera kampane ganske jamne for at spelarane skal føle på meistring og utvikle seg, men speletida samla over ein sesong skal vere heilt lik.

 I Volda fotball har dei eit litt anna opplegg enn Ørsta.

–I barnefotballen er me opptatt av det ikkje skal forekomma topping av lag. Gutar 16 og Gutar 19 laga våre har som mål å kvalifisera seg til 1. divisjon gjennom vinterkvalifiseringa og då stiller me eit så sterkt lag som mogleg. Det vart og bestemt på årsmøtet i år at alle spelarar som deltar i ein kamp skal spele minimum 30 min eller ein omgang om kampane er under 60 min, forklarar Arild Hagen Bakke, feltleiar FFO i Volda Fotball.

Harald Aam Ottestad er forelder og har fleire born i Ørsta fotball.

Harald Aam Ottestad er nøgd med at alle får spela lika mykje i Ørsta fotball. Foto: Kyrre Fitje

–Eg har tre ungar som er med i Ørsta fotball, og mitt inntrykk er at alle får spele like mykje. Dei er og opptatt av å lage jamne lag viss dei må spele med fleire lag her i Ørsta fotball.

Fråfall i idretten

Det å halda borna i idretten lengst mogleg er noko som er viktig for NIF. Kathrine Godager meiner at fleire ting er viktig for å få til dette.

–Det aller viktigaste er at borna er i eit trygt og sosialt miljø.  Med trygge og gode pedagogiske trenarar vert det enklare for borna å kjenne på meistringsfølelse. Trenarane må vere interessert og sjå kvart barn, og det er noko som kan vere vanskeleg på ei hektisk treningsøkt, men det er noko trenarane bør reflektera over og etterstrebe å få til.  For eitt born kan det å trikse til tre vere ein stor meistring, medan for eit anna born er det meistring å trikse til femti. Begge fortener merksemd og ros.

Woldsund i Ørsta fotball, merker at fleire dett i frå i fotballen i 15-16 års alderen.

–Me merker det kanskje spesielt mest hjå jenter. Men me prøver å arbeide bevisst på å halde dei lengre i idretten. Akkurat no for tida føler me at det er ei positiv utvikling, og bra rekruttering der.

Hagen Bakke i Volda fotball meiner det er fleire årsaker til at folk dett ut av idretten.

–Det er ikkje noko tydeleg fråfall i barn og ungdomsfotballen opp til 14 år. Når me kjem til gutar og jenter 16-19 år så er det ei ganske tydeleg avskaling. Vi gjer vårt ytterste for å ha med flest mogleg så lenge som mogleg, men andre interesser påverker og enkelte føler det blir for seriøst som gjer at dei faller ifrå.