Breidde gir suksess i handball og volleyball

topping/breidde handball og volleyball

Trine Indresøvde Bernås instruerer minivolleyjenter. Foto: Erlend Krumsvik, KFUM Volda Volleyball

Både innanfor handball og volleyball er dei opptatt av at dei unge spelarane i Volda skal vere med så lenge som mogleg i idretten.

–Me har ein filosofi i klubben om at alle skal vere med så lenge som mogleg. Difor er det utruleg viktig å og ha eit bra breiddetilbod, fortel Norodd Dyrhovden, styreleiar i Volda Handball.

Dyrhovden fortel vidare at fleire alderskull spelar i lag.

–Som regel har me to og to kull i lag, og topper ikkje før dei er 16 år. Samtidig har me tilbod til dei som vil litt meir, det krever jo at ein er litt god, men det er ikkje lukka, det skal ikkje vere status.

I KFUM Volda volleyball skal alle få like mykje speletid i dei yngste klassane.

–Dei byrjar å spele volleyball når dei er seks år, og opp til 15-års klassen skal alle få spele like mykje og me roterer på laget, fortel Rune Aarflot, styreleiar i KFUM Volda volleyball.

Styreleiar i KFUM Volda Volleyball Rune Aarflot instruerer på minivolleyballskule. Foto: Erlend Krumsvik, KFUM Volda Volleyball

Når dei vert eldre hender det at dei toppar laget.

–Når dei er 15 år og opp til seniornivå kan laget verta toppa viss det er naudsynt. Me spelar kvalifiseringskampar og NM, og då er det viktigaste for oss at sjølve laget går vidare. Men det er viktig for oss at alle har vert ute på bana og deltatt. På seniornivå har me på damesida starta opp eit lag i 2.divisjon, der dei som ikkje vil satse like seriøst kan vere med, forklarar Aarflot.

Dyrhovden i Volda handball meiner at breiddesatsinga er ein av grunnane til dei gode resultata oppe på seniornivå.

–Dei siste åra har me tatt store steg på breiddesida, det ser vi på som noko av grunnen til at klubben har gjort det bra denne sesongen.

I Volda Handball er det fleire som er med på trenarsida i klubben.

–Me har nokre foreldretrenarar, og me har og fleire damlelagsspelarar som er trenar for yngre lag, heilt ned til 12-åringar. I tillegg har me ofte felles styrketreningar og keepertreningar på tvers av kulla.

Det er veldig få gutespelarar på Volda Handball. Grunnen til det er eit godt samarbeid med Ørsta.

–I klubben vår har me nesten berre jentelag. Noko av grunnen til det er at me har eit godt samarbeid med Ørsta, der gutespelarane drar til Ørsta og jentespelarane drar til Volda.

I KFUM Volda volleyball merkar dei ikkje så mykje til fråfall, men det kan variera frå årskull til årskull.

–Me starta med minivolleyball for fire år sidan, og der har me hatt ein stor auke sidan me begynte. Me merkar nok eit lite fråfall i 15-årsalderen, men det kan variera. Her i Volda er det ganske stabilt. Men det er mykje å velja i for borna når det gjeld fritidstilbod i Volda, så det kan og spela inn.

KFUM Volda volleyball føler at modellen dei har gått for fungerer fint.

–Me synes det går fint slik situasjonen er for oss. Me skulle gjerne hatt meir hallplass, for det er mange som har lyst til å trena endå meir, seier Aarflot.