Kommunestyret har talt: Folkestad er ugild

Ugildskap ikkje berre juridisk

IKKJE RØYSTEFØR: Odd A. Folkestad (Frp), Arild Iversen (KrF) og Margrethe Trovåg (Ap) får ikkje stemme i bomsaka. Arkivfoto.

Odd Arne Folkestad (Frp) får ikkje delta i behandlinga av bomsaka. Det same gjeld resten av styremedlemma i Voldsfjordkryssing AS.

På kommunestyremøtet vert det røysta over om Odd A. Folkestad, Arild Iversen (KrF) og Margrethe Trovåg (Ap) er røysteføre i saka om bompengar.  Berre åtte av tjuefem røysta for at dei skulle få delta. Alle tre vert kjende ugilde.

Frå talarstolen uttrykte både Iversen og Folkestad sterkt ønske om å delta i saka. 

–  Eg har delteke i fleire møte der dette har vore diskutert, og det rokker ved mi integritet viss eg no får dette stempelet, sa Folkestad.

– Dette er ei sak er gjerne vil vere med å behandle, men det er viktigare at vedtaket vert gyldig enn at eg deltek, sa Iversen.

Før møtet var Folkestad ikkje nøgd med handsaminga av saka om ugildskap.  

– Dette er blitt eit politisk spørsmål. Dei (rådmann og ordførar jou.anm.) seier Voldsfjordkrysset AS er part i saka, men det meiner eg at selskapet ikkje er. Rolla mi blir brukt for å hindre meg i å delta, seier han.

Folkestad er dagleg leiar i selskapet. Rådmann Rune Sjurgard hadde på førehand meldt at Frp-politikaren og dei tre andre kommunestyrerepresentantane som sit i styret i Voldsfjordkryssing AS, vert kjende ugilde i handsaminga av bompengesaka.

Folkestad meiner Voldsfjordkryssing AS er gjort til part i saka av andre.

– Mitt parti vil jo ikkje bruke bompengane på å betale for andre prosjekt enn Voldatunnelen, forklarar han.

Framstegspartiet meiner framleis at berre dei som brukar tunnelen skal betale. Pengane skal krevjast inn på etterskot. Viss han sjølv ikkje kan delta, vil eit slikt forslag likevel fremjast.

– Det eg la fram i Formannskapet la eg fram på vegne av partiet, og nokon andre vil fremje forslaget om eg vert kjend ugild.

Les også: 

Vil ha opp tre bomstasjonar før tunnellen er ferdig
Fleire representantar vert kjende ugilde i bomsaka

Bom fast før kommunestyremøte