Håpar villaksen kjem seg unna

Ulovleg laksefiske på Bjørke

Samlingspunkt: elva er ein viktig sosial arena for dei lovlydige, lokale fiskarane. Alle foto: Tarjei Engeset Ofstad 

Tjuvfiskarar fangar sårbar villaks rett framom nasa på dei lokale grunneigarane.

– Naturoppsynet har vore her fleire gonger dei siste veka, fortel John Kåre Bjørke.

Både han, sonen, og mange andre i og utanfor Bjørke verdsett det årlege laksefisket I Vikeelva. Men no blir villaksbestanden truga av juksemakarar.

–  Tjuvfiskarane må respektere reglane, seier fiskaren. 

Inst i fjorden: Bjørke ligg aust for Volda og inst i den vidgjetne Hjørundfjorden. Kart: Google 

Laksen går i fella

Det har seg nemleg slik at laksen har stått ved utløpet av Tussa kraftstasjon, nokre hundre meter frå elva der han skal opp for å gyte, altså formeire seg.

 Grunna lite vatn i elva, har laksen stimla seg saman i det oksygenrike brakkvatnet ved kraftstasjonen. 

Det har gitt opportunistiske sjeler ein mogelegheit til å «fiske» laks, på omtrent like lettvint vis som om ein skulle fiska i ein oppdrettsmerd.  Rovfiske av gytemoden laks kan svekke laksestammen.

Kraftverket: Nær det mørke rektangelforma utløpet til venstre, samlar laksen seg – lett bytte. 

– På Facebook såg eg ein kar frå Ålesund skryte av at han hadde tatt ni laksar her. Ein kjenning av meg jaga vekk mannen då han såg han her, fortel John Kåre.

Han legg til at bileta no er sletta frå det sosiale mediet. Han er sikker på at mannen visste at det var ulovleg.  

Som å fiske i eit oppdrettsannlegg

Undertega er sjølv vitne til at eit utal store, flotte laksar vakar.

–  Tjuvfiskarane må respektere reglane 

John Kåre Bjørke 

Like ved står det eit skilt kor det tydeleg kjem fram at det er forbode å fiske i ei sone på hundre meter frå osen ved kraftstasjonen. Informasjonen er også skrive på engelsk og tysk.

– Eg har trua på at vasstanden i elva vil stige enda meir no, og at laksen kjem seg opp i elva, seier den erfarne fiskaren.

John Kåre er glad for at iallfall noko av laksen er på veg opp den steinete elva, i staden for å vere lett bytte for tjuvfiskarar.

– Eg såg ein som sikkert var rundt 15 kilo, seier han.  

Naturoppsynet kjem på ny

Med polaroidbriller framom auga, peiker han på dei gode hølane, og myser etter storlaksen ein ekstra gong. 

Bjørke ser lyst på det: Hyppige kontrollar frå SNO, og auka vasstand lovar godt for laksen.

Han fortel at grunneigarane er nøye med å etterkome krava frå miljømyndigheitene, til dømes når det gjeld å rapportere fangst og sende inn skjellprøver til Norsk institutt for naturforskning.

Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda som prøver å være god i alt. 

   ATLANTISK LAKS:

  • ​Starter livet i ei elv, blir kalla smolt som liten.
  • Er en anadrom art, noko som vil seie at den vandrer til havet 
  • Kjem tilbake til nøyaktig same elv som gyteklar fisk. 
  • Hunnfisken legg rogn på elvebotn, hannfisken befruktar rogna