Avfallsdumping:
Ute av syne, ute av sinn?

Ute av syne, ute av sinn?

VRAK I DRIKKEVATN: Dette og fleire andre bilvrak vart funne på 80 meters djup i Hornindalsvatnet. Foto: Fjordingen/O.E. Hagen AS Dykkerfirma

– Då driv det ut i fjorden og vi er kvitt det for tid og æve, sa P. P. Sandvik på kommunestyremøtet i Ørsta i 1939, med forslag om å dumpe boss i Vartdalsfjorden. 

«Rottene var store som kviger», vart det fortalt om bossplassen på Morkagylet. Stanken var òg så gale at enkelte meinte det var betre å dumpe bosset i fjøra. På tidleg 1920- og 30-tal var det heller ikkje populært å korkje å vere bosskøyrar eller å vere ein del av styret på reinhaldsverket. «Det fekk vere grenser for kva høveleg folk skulle ha seg til,» heitte det. 

Om ein ser tilbake på historia, er det lett å sjå at ein gjerne har vore korttenkte med tanke på dumping av boss. I 2013 skreiv Gunnar Ellingsen i Møre-Nytt historia om bosset i Ørsta, med historier som kan få ein kvar til å himle med auga. Andre idear om korleis ein skulle kvitte seg med bosset inkluderte òg å stoppe ferja midtfjords, for så å dumpe bosset der.

Drikkevasskjelde og vrakplass 

I september vart det avdekka at Hornindalsvatnet, Europas djupaste innsjø, i lengre tid har vore nytta som avfallsplass. Fleire bilvrak vart funne på botnen av innsjøen, og i ein faksimile frå Fjordingen i 1977, kjem det fram at Friluftsnemnda ved Hornindal kommune faktisk oppfordra folk til å køyre bilvraka sine på isen, slik at dei vart dumpa i vatnet når isen smelta. 
Det er meininga at Hornindalsvatnet skal nyttast som drikkevasskjelde for kommunane Hornindal og Eid, og ifølgje Fjordingen vil Hornindal kommune teste vatnet for å sjå om det held god nok standard som drikkevatn.

FAKSIMILE: Dette kunne ein lese i Fjordingen i 1977. Ville du bli kvitt eit vrak? Dump det gjennom isen på Hornindalsvatnet!                                                    Foto: Roy Aron Myklebust

Kyrkjegard i Voldsfjorden

I 1990 var Sunnmørsposten med då ein fiskebåt vart sokken ned i «båtkyrkjegarden» i Voldsfjorden, der fjorden er på sitt djupaste. Båten var i god stand, men måtte ut av drift og vekk frå sjøen. Då var det enklaste å berre søkke båten, og la han forsvinne ned i djupet, 700 meter nede. Ein 13 år gammal motor, utan feil, vart også med, sidan kondemneringsordninga den gongen gjorde at det lønte seg å sende sjølv velfungerande delar med ned i djupet. 

BÅTKYRKJEGARD: 1990, ein fiskebåt vert sokken på 700 meters djup i Voldsfjorden.
Foto: Staale Wattø/SMP

Fortsatt eit problem

Knut Olav Festø i Ørsta og Volda Naturnvernforbund meiner at mentaliteten «ute av syne, ute av sinn» diverre eksisterer framleis.
– Vi har vore med på fleire ryddeaksjonar i Ørsta og Volda, og det er diverre slik at folk dumpar ting i naturen. Vi har funne alt frå komfyrar til bilvrak fleire plassar. 
Festø poengterer at dette er miljøkriminalitet, og dei i fleire tilfelle har kontakta både kommune og politi, utan at det ser ut til å ha vorte særleg prioritert.
– Det har jo sjølvsagt med ressursar å gjere, men vi føler diverre at dette ikkje er noko som er prioritert hos korkje kommunen eller politiet, seier han.

KRITISK: Knut Olav Festø meiner at folk bør verte meir merksame på at dumping av avfall i naturen ikkje er greitt.                                                                                                 Foto: Bjørn Wahl

Bør svi meir på pungen

For å få gjort noko med problemet, meiner Festø at det må verte mindre lukrativt å dumpe ting ein ikkje treng i naturen.
– Det er klart at det burde svi meir på pungen til dei som driv med dette, både for dei private og dei i næringslivet. Men det er det politiet og kommunen som må drive med, og ikkje Naturvernforbundet, poengterer han.
Festø legg også til at dei merkar at folk har byrja verte meir medvitne rundt temaet, og at det er ei positiv utvikling samanlikna med tidlegare.
– Eg vil òg gjerne gje honnør til reinhaldsverket, VØR. Dei har vorte mykje flinkare til å få  organisert mottak av avfall, og dei tar i mot det meste. Dei skal ha honnør for å ha fått gjennomført desse endringane, sjølv om dei har vore møtt av motstand frå dei lokale, seier han.
Festø skulle òg gjerne sett at folk flest tok meir tak når dei observerer at folk dumpar ting i naturen, og ikkje berre overlét slikt til politi og kommune.
– Gro Harlem Brundtland snakka i si tid om «den gode nabokjerringa», som sa ifrå kvar gong det skjedde noko, både godt og gale. Eg saknar litt denne mentaliteten hos folk, at folk bryr seg. Vi burde verte mykje flinkare til å seie ifrå. Slik kan vi gjere kvarandre merksame på at dette ikkje er greitt, påpeiker han.