Setter kurs mot oppdrettsmerdene

Utviklar nye vaskebåter til oppdrett

Westplast i Herøy bygger smartare vaskebåtar til oppdrettsnæringa

Westplast på Leinøya i Herøy var heilt i tet på å levere seismikkbåtar til oljeindustrien. Etter at dette markedet vart kraftig svekka, måtte selskapet tenke litt alternativt. 

– Denne satsinga er eit skot i natta, på eigen risiko 

Hallgeir Skorpen

No byggar selskapet altså spylebåtar, som skal gjere oppdrettsmerder reine for alger, tang og tare. Det er nett.no som meldar dette.  

Færre ombord

– Med vår teknologi vil det halde med éin mann, men grunna norske tryggleikskrav er det plass til tre, seier dagleg leiar Hallgier Skorpen til Nærnett.  

– Kan spylebåtar kome til å bli viktigare for dykk enn seismikk? 

– Denne satsinga er eit skot i natta, på eigen risiko, så det gjenstår å sjå. 

Han avslører at selskapet har kome fram til løysingar for betre stabilitet, som dei er aleine om på markedet per no. 

Høg likviditet - låg lønnsemd

Westplast har høy likviditet (evne til å betale på kort varsel) og soliditet (totale verdiar), men låg lønnsemd, ifølge proff.no  

– I dei to siste åra skulle eg eigentleg ha mest ein slags vaktmesterrolle, men vi fekk aldri ein annan dagleg leiar på plass. 

No er han derimot klar på at han sjølv held fram som leiar. 

Selskapet hadde eit driftsresultat på 7,2 millionar før skatt i 2016. 

I tillegg til seismikkbåtar og spylebåtar, har selskapet også utvikla ein båttype for havvind-industrien, som førebels ikkje har blitt tinga av nokon. 

Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda. Særleg interessert i sakar som berørar både næringsliv og natur- og miljøvern samstundes.