Økonomisk smell i Vanylven kommune

Vanylven kommune

Vanylven kommune ligg an til å gå 1 million kroner i underskot i månaden grunna ein mogleg budsjetteringsfeil. ARKIVFOTO

Det har kome fram at Vanylven kommune manglar 12 millionar kroner i budsjettet sitt, og kan kome til å gå 1 million kroner underskot kvar månad.

Rådmannen har tre veker på å kome med eit forslag om korleis dei kan spare pengar. Kommuneleiinga er enda usikre på kva som har skjedd, men trur det kan kome av ei mogleg feilbudsjettering.

–Om vi har budsjettert på feil måte, skal vi ikkje bomme fleire gongar. Men akkurat no er det vanskeleg å seie kva som er årsak til smellen, seier Ordførar Lena Landsverk Sande

Ordførar Lena Landsverk Sande seier at Vanylven kommune stoppe investeringar og anbod fram til rådmannen har funne årsaka til pengeproblema. 
ARKIVFOTO

Kommunestyret i Vanylven vedtok i går å stoppe alle investeringar og alle nye kontraktar dei ikkje er økonomisk budne til.

Ordføraren er usikker på om den nye gymsalen til Fiskå skule som er vedtatt kan bli ein realitet.

Det vil seie at det er usikkert om påbygginga og oppussinga av Fiskå skule vil bli berørt av smellen. 

– Anbod blir no stoppa i ei periode. Vi har mellom anna lagt ut anbud på ein ny søppelbil til kommuna, som blir stoppa grunna dette. Det viktigaste er å kome i balanse i drifta, seier ordførar Lena Landsverk Sande.