Gir seg ikkje på ferjeprisar

Varslar demonstrasjonar mot ferjeprisar

I fleire månadar har det pågått eit opprop mot fergeprisane i Møre og Romsdal. FOTO: arkiv

– Eg er ikkje nøgd med dei siste vedtaka i samferdselsutvalet, seier Joachim Orvik i Facebook-gruppa «Protest mot økte fergetakster Møre og Romsdal».

 

Joachim Orvik seier at tanken bak gruppa var å få hol på ei sak som har fått lite merksemd det siste året. FOTO: privat

Orvik er initativtakar til Facebook-gruppa, og han er ikkje nøgd med det siste vedtaket til fylkestinget gjeldande ferjetakstar.

- Med situasjonen i dag der fylkeskommunen legg fram eit resultat på 313 millionar i overskot, så meiner eg at dei har det handlingsrommet som skal til for å sette ned begge takstsonene, seier Orvik.

Han fortel at gruppa aller helst vil ha ei ferjereform, der det ikkje kostar meir å ta ferje enn det elles ville ha gjort å køyre på ein vanleg veg. Men aller først vil han at fylkestinget skal reversere vedtaket sitt. 

– Vi betalar «bompengar» på ferjene i evig tid og stort sett er ferjene berre opne nokre minutt om gongen, eit gitt tal gonger om dagen, og stort sett stengt på nattestid. Dette skal ein altså finne seg i å måtte betale i dyre dommar for! Dette er mildt sagt urettferdig, synest Joachim Orvik. 

25 000 støttar ferjeopprøret

Facebook-gruppa med namnet «Protest mot økte fergetakster Møre og Romsdal» har no over 25.000 medlemmar. 

Bakgrunnen for ferjeopprøret er eit vedtak gjort i fylkestinget om å auke ferjeprisane med to takstsoner frå 2020. Dette fall ikkje i god jord hos mange ferjebrukarar i Møre og Romsdal.

Denne veka vedtok fleirtalet i samferdsleutvalet å setje ned igjen ferjeprisen med ei takstsone frå 1.juli i år.  Men det er ikkje bra nok for dei som står bak ferjeopprøret. 

Varslar demonstrasjonar

– Vi er nøydde å lage ein storstilt demonstrasjon i samband med møte i fylkestinget i april, for å vere sikre på at politikarane skjønar alvoret. Demonstrasjonane kjem ikkje til å vere av det milde slaget, seier initativtakar Joachim Orvik.