Frps tredjekandidat vil løyse sjukehusstriden med veg

– Vi er sjeleglade for at MDG ikke blir store

SAMAN MED SYLVI: Jan Steinar Engeli Johansen kan kome på Stortinget saman med Frp-stjernane Syliv Listhaug (i bakgrunnen) og Jon Georg Dale. Foto: Even Ørjasæter. 

Betre vegar løyser sjukehusstriden, meiner nordmøringen Jan Steinar Engeli Johansen.

ÅLESUND (Nernett): Frp ligg an til å vinne valet i Møre og Romsdal, og kan fort få inn tredjekandidat Jan Steinar Engeli Johansen. 

– Det var jubel ved bordet her då dykk såg tala til MDG?  

– Ja, vi er sjeleglade for at dei ikkje blir noko giga-parti. Det tyder at samferdselsprosjekta våre ikkje blir stoppa, seier han.  

Vil ha Møreaksen

Johansen er forkjempar for meir og betre veg. 

– Møreaksen er ikkje sikra før vi får spaden i jorda. Vi vil ha prosjektet gjennomført. 

Det kan løyse sjukehusstriden – så viktig meiner han det er å binde fylket saman med meir veg. 

– Når hjartet stoppar, er det reisetid folk er opptatt av. 

Han meiner at forslag om å bygge ut jernbane på Sunnmøre er «som å tru på julenissen».   

Har hatt nytte av partistjernene 

– Har Jon Georg Dale og Sylvi Listhaug bidratt til dei gode resultata Frp ligg an til å få i Møre og Romsdal?  

– Ja, til dømes å ha ein landbruksminister som er så kjent, er uvanleg. Vi har hatt ein fantastisk valkamp og stått på dag ut og dag inn.  

Ønsker å sitte i helsekomitéen 

Engeli Johansens hjartesak er eldreomsorg. 

– Det er merkeleg at det er Stortinget som diskuterer politikken, mens det er kommunane som finansierar eldreomsorgen. 

Han vil ha statleg  finansiert eldreomsorg. 

 

– Det blir fleire eldre, og då seier det seg sjølv at vi må fleire sjukeheimsplassar, ikkje færre. 

Det skal leggast til at det er særs jamnt mellom Frp og Høgre om kven som kaprar det tredje mandatet. 

Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda som prøver å være god i alt.