Mute The Machinery er eit av dei lokale banda under Bygdesus

─ Viktig at ny lokal musikk får spele

Mute the Machinery spelar splitter nye songar på Bygdesus fredag.

Hans Robert Bondhus og Daniel Klepp har spelt i mange ulike lokale band, men ville prøve noko nytt. No føler dei at dei har funne uttrykket sitt med elektroniske Mute the Machinery. Fredag spelar dei splitter nye songar på festivalen Bygdesus.

Inne i øvingslokala på Trico i Ørsta sit duoen Mute the Machinery. Daniel Klepp frå Volda og Hans Robert Bondhus frå Ørsta har kjent kvarandre i ei årrekke og har det siste året jobba mykje saman og leika med elektronisk musikk og tekst. Bondhus står bak ideane og musikken, mens Klepp lagar tekst og melodi.

─ Det er jo ein litt meir tidkrevande prosess når det skal gjerast på data. Det kan ikkje berre jammast fram. Det er einmannsarbeid, så Hans står for det, seier Klepp.

─ Nokre idear prøver vi og det funkar, eller så kastar vi dei. Men eigentleg er prosessen ganske lik som i dei andre banda eg har vore i, eg gjer mykje på førehand og høyrer med resten om det funkar eller ikkje. Forskjellen er berre at no er det på data og vi er to, held Bondhus fram.

Duoen sleppte ny låt for to veker sidan, og lovar fleire splitter nye songar på konserten på scena på Rokken fredag.

Tett musikkmiljø

Musikkmiljøet på Søre Sunnmøre er tett, og ifølgje duoen er dét mykje av grunnen til at dei har havna  saman.

 ─ Det er eit lite og tett miljø og det er lett å verte kjende på tvers av kommunegrensene, særleg mellom Volda og Ørsta , seier dei.

Bondhus er eit sentralt namn innanfor kulturmiljøet i Ørsta. Som leiar av Musikk i sentrum er han godt kjent med miljøet, og han brenn for å samle lokale artistar.

─ Det er viktig at det er ope for alle som ynskjer å syngje, eller er meir seriøse. Ein  verte kjende med kvarandre og opplever meistring saman, seier han.

Set pris på Bygdesus

Duoen gler seg til å spele på Bygdesus. Festivalen, som vert arrangert for andre året på rad, tar imot mindre kjende norske artistar.  Mute the Machinery synest det er kjekt å vere ein del av festivalen.

 ─ Bygdesus er heilt topp. Ramma på festivalen er heilt riktig, ein er der for musikken. Det er viktig at også mindre kjent ny musikk får slippe til, seier Bondhus.

I tillegg til Mute the Machinery er voldingen Idiki, som har base i London, ei av dei lokale under Bygdesus.

─ Viktig at dei lokale får boltre seg

Kristina Juul Jørgensen er festivalansvarleg, og ho synest det er viktig at lokale er med på Bygdesus.

 ─ Det er viktig å gje lokale artistar ei scene å boltre seg på. Så er det utruleg kjekt for folk å sjå kva som rører seg på Sunnmøre. Vi booka Mute the Machinery fordi dei er utruleg dyktige og har ny, relevant musikk. Idiki har vi hatt lyst å booke lenge og endeleg passa det. Ho er ei fantastisk flink dame, seier Jørgensen til Nærnett.

Kristina Juul Jørgensen er festivalansvarlig for festivalen Bygdesus i Volda.