Virtual reality-konsert med Queen til Dokfilm

Virtual reality konsert med Queen til Dokfilm

​ Foto: Maurizio Pesce

Ein 15 minutt lang Queen-konsert i Virtual reality-format, er det nyaste tilskotet til Den Norske Dokumentarfilmfestivalen.

 "VR the champions", vart lansert på Doc Lounge den 27.  mars, som ein av dei nye satsingane i år. Festivalsjef Johanne Kristensen Sandvik meiner det er viktig at festivalen satsar på ny teknologi, og følger med på trendar.

Johanne Sandvik Dokfilm
FESTIVALSJEF: Johanne Kristensen Sandvik

– Festivalen sin heimesnikra og særeigne stemning er kanskje det største trekkplasteret. Det er likevel viktig for "Dokfilm" å tilby faglig "input", som trekker bransjefolk. Om vi ikkje har det, så vil dei slutte å melde på film, og festivalen vil opphøyre, seier ho.

"VR the champions" er regissert og 360 stereografert, av den Londonbaserte nordmannen, Jannicke Mikkelsen. Filmen er laga i samarbeid med Miracle and Eagle Rock films. Du for oppleve ein Queen konsert i 3D gjennom augene til bandet og publikum, og i fugleperspektiv over konsertarenaen. 

Jannicke Mikkelsen VR the champions
I vår kan du oppleve Queen i Volda. Foto: Pressefoto