Volda slo ut Bergsøy i NM etter 9-målsthriller

Volda - Bergsøy NM runde 2

SEIER: Volda-trenar, Dagmund Evebø, kunne juble over 5-4 seier over Bergsøy.

Volda slo Bergsøy i ein dramatisk 5-4-kamp som måtte avgjerast ved ekstraomgangar. No draumer Volda om eliteseriemotstand.

VOLDA STADION: Etter å ha slått ut Bergsøy i andre runde av kvalifiseringa til Norgesmeisterskapen i fotball, draumer Volda-trenar Dagmund Evebø om eit lag frå øverste hylle i neste runde.

– No kan vi godt få eit godt lag på heimebane. Spelarane fortjene å smake på eit skikkeleg godt lag. Eg håper vi får Aalesund, Molde eller Sogndal. Det er det cupen handlar om. Små lag som kan få smake på karamellen mot dei store laga, seier ein nøgd Evebø etter kampen.

Kampen som til slutt endte 5-4 til heimelaget var spennande frå første stund. Etter 14 minutt ropte dei tilreisande Bergsøy-supporterane på straffe og dommaren meinte det samme. Straffa er sikker som banken og Bergsøy går opp i ledelsen ved Daniel Kvalsvik.

Berre fire minutt seinare er Kvalsvik framme igjen og skårar frå skrå vinkel i lengste kryss. Nye fire minutt går og Bergsøy er framme igjen. Ei kjempekeeper-tabbe av Vebjørn Skeide som sentrar ballen til Bergsøy-spiss, Franjo Tepuric, som finn Eirik Heltne som får ei enkel oppgåve og trillar ballen i ope mål.

– Ein blir forbanna

Med 3-0 mot seg på heimebane var det ikkje berre kjærleiksord som vart delt ut frå Dagmund Evebø, og han måtte endre på taktikken.

– Først tenker eg kva har vi bomma med? Og så blir eg forbanna.  Vi prøvar å bytte posisjon på kantane og då får vi Eirik Schøning meir med kampen og han blir avgjerande for oss.

Eirik Schøning kom viste seg meir og meir i løpet av kampen og stod fram som den store spelaren til Volda. Det resulterte i to mål og to målgivande.

– Så klart det er deilig. Eg er på rett plass til rett tid. Det er uansett ein lagseier, ein kjem ikkje tilbake etter å ha ligget under 3-0, seier Eirik Schøning.

Volda og Eirik snudde kampen frå 3-0 til 3-3 til pause. I andre omgang skåra begge laga eit kvar og det måtte ekstraomgangar til for å skilje laga.

– Eg tenkte på 3-0 at vi hadde gjort det vanskeleg for oss sjølve, men vi hadde trua. Det bur masse mål i oss og vi er gode offensivt, seier Eirik Schøning til Nærnett etter kampen.

Avgjorde i det 98. minutt

Eirik Schøning gjekk seg fri inne i boksen og kunne feire over å skåre det avgjerande målet åtte minutt i første ekstraomgang. 

– Eg køyrde skuddfinta og la den i lengste, det føltes deilig, seier ein ydmyk Schøning.

Han er også klar på at han vil møte eit skikkeleg storlag i neste runde.

– Aalesund er draumemotstanden. Det er bra for klubben økonomisk og det hadde laga skikkeleg liv i Volda, seier han.

Dårleg fotballkamp

Bergsøy-trenar Toni Sandanger var ikkje nøgd etter tapet mot Volda.

– Akkurat no er eg tom for ord. Eg er veldig skuffa over at vi leiar 3-0 og har full kontroll på kampen - så skjer det noko eg ikkje kan svare på. Det virkar som det er ein mental knekk for gutane, seier Sandanger.

Bergsøy-trenaren syns ikkje det var nokon god fotballkamp publikum fekk servert på Volda stadion onsdag kveld.

– Det er dårleg fotball av begge lag, det er ikkje kjekt for meg å sjå på og eg trur ikkje publikum syns det heller. Det er ikkje sånn vi skal stå fram når vi spelar fotball, seier han.  

No veit han kva dei sakl jobbe med fram mot sesongstart.

– Vi må bli betre på spelet, vi slit med å slå pasningar og ta imot pasningar. Vi brukar å vere betre, og det har vi vore i treningskampane før sesongen. Volda er der oppe, men vi er ikkje svakare enn dei. Dei vann krigen i dag og vi må vinne den neste gang, seier Toni Sandanger.

Volda - Bergsøy 5-4 (3-3)

17. min: 0-1 Daniel Kvalsvik (straffe)

21. min 0-2 Daniel Kvalsvik

28. min 0-3 Eirik Heltne

31. min: 1-3 Robert Mathias Dahlberg

43 min: 2-3 Robert Mathias Dahlberg

45 min: 3-3 Vetle Johan Dagfinrud

Pause

63. min: 4-3 Eirik Schøning

70. min: 4-4 Joachim Magnussen

Ekstra omgangar

98. min: 5-4 Eirik Schøninng

Laga stilte med følgande mannskap:

Volda:

Vebjørn Krumsvik Skeide

Runar Aahjem Løvold – Christoffer Wiik Bjerknes – Torgeir Glomseth Olsen – Stian Finnøy

Thomas James Malins – Vetle Johan Dagfinrud – Tobias Evebø

Robert Mathias Dahlberg – Kenneth-Andre Hole – Eirik Schøning

Benk:

Rasmus Aarflot – Ole Kristian høydal – Jonas Myrseth – Fredrik Malme Kvalsnes – Eskild Dagfinrud – Magnus lien Bischoff – Mohammad Khalil Abouzari

Bergsøy:

Jake Knight

Frank Sverre Skorpen – Thomas Leikanger Skar – Espen Langlo Driveklepp – Craig Stuart Rogers

Roar Amundsen – Daniel Jøsok Kvalsvik – Eirik Heltne  

Sander Leinebø Ulfstein – Franjo Tepuric – Joachim Magnussen

Benk:

Jakob Nerland – Erik Leinebø Ulfstein – Benjamin Leinebø – Thomas Sætre Hauge – Stian Zahl – Martin Søvik Røren.