Bortesiger sendte Volda på andreplass

FJERDEDIVISJON: Volda klatrar forbi Bergsøy på tabellen etter siger borte mot Emblem. Illustrasjonsfoto: Arkiv

Volda ligg no på andreplass i 4. divisjon etter bortesiger mot Emblem.

Volda ligg no på andreplass på tabellen i 4. divisjon etter å ha slått Emblem 0-1 på bortebane. Det einaste målet i kampen kom etter 53 minutt, på eit langskot frå 20 meter frå Tobias Vassbotn Evebø. Då Hareid-Bergsøy endte 0-0, tyder dette at Volda klatrar forbi Bergsøy på tabellen med 41 poeng mot Bergsøy sine 40. 

Hareid sto for rundens mest imponerande comeback, då dei gjekk frå 0-9 mot Volda i førre runde til 0-0 og poengdeling heime på Hareidsmyrane. Sjølv om Bergsøy hadde fleire store sjansar i andre omgang, forsvarte hareidsdølane seg godt og sikra poengdeling.

Vikebladet skriv også i si dekning av kampen, at det før avspark vart heldt eitt minutts stillheit for Sindre Hareide, som døydde nyleg, 63 år gamal. Han var ein av dei som har aller lengst tenestetid i administrativt arbeid i Hareid IL si fotballgruppe. Blant anna var han trenar for Hareid sitt damelag og oppmann på herrelaget i dei gylne 80-åra, skriv avisa.