Volda skal snu skuta etter ein tøff sesongoppkøyring

Cup-kampen mellom Volda og Stryn blei onsdag utsett grunna for mykje overflatevatn på bana.
 

På onsdag skulle Volda ta imot Stryn i første kvalifiseringskamp i den norske cupen. Til tross for ein noko trøblete sesongoppkøyring er laget klare til dyst, i kampen som kan bli spelt allereie førstkomande helg. 

Fem tap på fem treningskampar har ikkje teke motet frå Volda Fotball i oppbygginga til den nye sesongen. Skader og mykje rotering på troppen har gjort førebuinga til ein tøff test for grøntrøyene, men trenar Dagmund Evebø insisterer på at optimismen i gruppa er på plass.

– Moralen er veldig god. Eg saknar kanskje at vi hadde vore meir påskrudde i enkelte kampar, men det er ei fin gruppe, som jobbar hardt og står på, seier han til Radio Volda.

Ønsker reprise: Trenar Dagmund  Evebø håpar å gjenta fjorårets cup-siger over Stryn. FOTO: Odd Sindre Tonning

Trur på siger

– Eg forventar at vi skal trekkje det lengste strået og vinne. Til tross for at vi har hatt ein litt dårleg oppkøyring, med veldig mykje skadar og eigentleg litt svake resultat, har eg god tru på at vi bør matche Stryn, held han fram.

For ei veke sidan hadde Volda åtte spelarar på sin skadeliste, men Evebø fortel at der no berre er to spelarar som er tvilsame til kampen.

Også i fjor var det Volda og Stryn som møttest i den første kvalifiseringsrunda i Cupen. Den gongen blei kampen spelt i Stryn, og den enda med 1-2 siger til Volda. Dei to førre gongane laga har møttest i Volda stakk heimelaget av med sigrane 5-0 og 4-1.

Må spele sitt eige spel

Spelarane er klare på kva som skal til for å sikre seg avansement til den neste runda i cupen. Både Fredrik Malme Kvalsnes og Vetle Johan Dagfinrud peikar på at Volda må konsentrere seg om seg sjølve, og ikkje la Stryn kome inn i kampen.

– Vi må spele vårt eige spel. Det vi har slitt med i treningskampane er det offensive spelet vårt. Vi har ikkje klart å samsvare bevegelsane våre og skapt nok sjansar. Det er der vi må byrje, og få inn nokre mål på dei, seier Kvalsnes.

– Vi skal ikkje la dei kome med noko som helst eigentleg. Eg forventar at vi skal køyre over Stryn, slik vi pleiar å gjere, legg Dagfinrud til.

Kampen skulle sparkast av onsdag, klokka 18.00 på Volda Stadion. Nytt kamptidspunkt er framleis ikkje bestemt, men den kan bli spelt allereie til helga, avhengig av veiret.

Følg det live:

Live Blog Cup-kvalik Volda - Stryn