– Vi vil be om tiltak for å hjelpe barnefamiliane

Volda SV vil hjelpe barnefamiliane i Røyslidvegen

TETT: Barna i dei kommunale bustadene Røyslidvegen og Smalebakken har i fleire år budd vegg i vegg med vald, rus og bråk. FOTO: Aina Ebube Helgheim

I fleire år har barn budd vegg i vegg med rus og vald i dei kommunale bustadene i Smalebakken og Røyslidvegen. No vil Volda SV gjere noko med det.

Sidan januar 2016 har politiet vore over 170 gonger i dei kommunale bustadane i Røyslidvegen og Smalebakken. Dei har vore der på grunn av mellom anna knivstikking, narkotika og røykutvikling. Her har Volda kommune plassert 17 barn. No vil Volda SV gjere noko.

HJELPE: Leiar Gunnar Strøm i Volda SV vil spørje kommuneadministrasjonen korleis ein kan løyse situasjonen for barnefamiliane. FOTO: Aina Ebube Ijeabuonwu Helgheim.

– Vi i SV jobbar med saken, og vil lage eit utspel til neste kommunestyremøte, seier leiar Gunnar Strøm i Volda SV

Dei skal stille det som kallast eit «grunngjevande spørsmål» til ordførar Jørgen Amdam (Ap). SV vil ha svar på korleis kommunen kan betre situasjonen for barnefamiliane. Då må ordføraren svare.

– Målet vårt er at barnefamiliane skal sleppe å bu sånn både på kort og land sikt. Vi har visst om dette lenge, og no må vi gjere noko med det, seier Strøm.

Pusse opp

Volda-politikarane er så vidt i gang med å lage budsjett for 2019. Ordføraren seier at for han er det ikkje aktuelt å setje av pengar til å bygge nye bustader for barnefamiliane.

FULLT: Ordførar Jørgen Amdam (Ap) seier det ikkje er aktuelt å endre samansetninga av folk i Røyslidvegen. FOTO: Olivia Knudsen.

– Kommunen eig allereie for mange kommunale bustader, vi må selje unna fleire.

– Viss de har for mange, kan vel barnefamiliane få ein annan?

– Det er fullt overalt.

Han seier at kommunen planlegg å pusse opp bustadene i Røyslidvegen og Smalebakken.

– Vi skal bygge om, slik at familiane ikkje deler inngang med dei i einslige, forklarar han.

Men barnefamiliane skal framleis bu vegg i vegg med rusmiljøet. Dei kjem til å dele uteområde.

– Vi kan ikkje kaste ut folk. Når det ikkje er noko ledig, kan vi ikkje tilby noko anna.

Vil ikkje ha det sånn

Odd Arne Folkestad seier at også FrP vil foreslå tiltak for å hjelpe barnefamiliane.

IKKJE GODT: Gruppeleiar Margrethe Bjerkvik i KrF vil finne ut kva kommunen kan gjere i Røyslidvegen. FOTO: Aina Ebube Ijeabuonwu Helgheim.

– Volda Frp vil spørje administrasjonen kva som er gjort for at barna skal få det betre der oppe. Dei barna kommunen har plikt til å hjelpe, skal ikkje plasserast i rusbelasta område, seier Odd Arne Folkestad (Frp).

Gruppeleiar Margrethe Bjerkvik i KrF vil sjå på forslaga som kjem.

– Vi vil vere med å sjå på tiltak for å forbetre situasjonen for familiane. Det er ikkje godt å bu på den måten, seier ho.

Kollega Anders Egil Straume (Krf) er einig.

– Vi kan ikkje ha det sånn. Det beste ville vore om vi kunne selje husa i Røyslidvegen. Vi kunne leige bustader til barnefamiliane rundt i ulike nabolag i Volda. Vi kan ikkje ha ghettoar, seier han.