Volda vann - Bergsøy tapte!

VOLDA: G16 skal møte lag fra hele fylket kommende sesong.

VI FØLGDE LAGA FRÅ SØRE: Volda og Bergsøy var begge i aksjon i kveld. Illustrasjonsfoto: Arkiv

Både Volda og Bergsøy spelte kampar i 4. divisjon i kveld. Volda vann komfortabelt 1-6 over Norborg, mens Bergsøy overraskande nok gjekk på eit 3-1 tap for Rollon.

Dei to laga frå Søre spelte begge bortekampar i kveld. Volda mot Norborg i Haram, mens Bergsøy tok turen til Ålesund for å møte Rollon. Volda vann med kalassifra 1-6 over Norborg etter heile fire skåringar av Stian Finnøy, mens Bergsøy, noko overraskande, tapte 3-1 mot Rollon. Dette tyder at Volda no tek innpå Bergsøy som ligg på andreplass på tabellen.

– Ein kamp vi styrte frå start til slutt

Volda-trenar Dagmund Evebø var nøgd etter kampslutt.

– Det var ein kamp vi styrte frå start til slutt, og det einaste som irriterte meg litt var at vi slapp inn eit mål. Det skulle vi helst ha vore uten, seier han over telefon til Nærnett.

Stian Finnøy hadde ein flott kamp i Volda-drakta, og skåra heile fire mål.

– Slik kampen vart i dag fekk vi til mange innlegg frå kant, og der er Stian god, fortel Evebø. – Han har god kraft og er veldig sterk så kampbiletet i dag passa han perfekt.

Vil avslutte best mogleg

Sidan Bergsøy tapte 3-1 mot Rollon i Ålesund skil det no berre eitt poeng mellom dei og Volda i kampen om andreplassen. Evebø trur Hødd 2 vil ta førsteplassen.

– Om Hødd 2 vil så vil dei ta førsteplassen. Om vi blir nummer to eller tre speler ikkje så stor rolle. Vi ønskjer heller å avslutte sesongen på ein best mogleg måte, og få drilla inn ein del yngre spelarar. Dei gode opplevingane er det som er viktigast for oss no, seier Evebø.

Nærnett fulgde dei to kampane. Du kan lese meir om korleis det gjekk under.

Norborg – Volda 1-6

90 min: Slutt.
75 min: To nye byter hos Norborg.
70 min: Mål! Stian Finnøy set si fjerde for kvelden! 1-6 til Volda!
68 min: To byter hos Norborg.
61 min: Mål! 1-5 til Volda etter at Finnøy set si tredje skåring for kvelden.
56 min: Mål! 1-4 til Volda etter skåring av Tobias Vassbotn Evebø.
46 min: To byter hos Norborg etter pause, ingen hos Volda.
Andre omgang er i gong.
45 min: Pause.
43 min: Mål! Kontant svar frå Volda! Finnøy igjen, med si andre på hovudet for kvelden.
36 min: Mål! Norborg-redusering etter skåring av Per-Stian Justsen Alvestad.
34 min: Mål! Sjølvmål! Ein Norborg-spelar set ballen i eige nett.
18 min: Mål! Stian Finnøy headar Volda i leiinga!

Førre gong desse to laga møttes, vart det ein 4-2 siger til Volda. Norborg har også slite heime så langt i år, med kun éin siger på åtte forsøk heime. Laget som møter Volda har tatt kun fire poeng på dei fem siste kampane, og kom heim frå Ålesund med eit 4-3 tap mot Skarbøvik førre runde. Norborg ligg på 10. plass på tabellen.

Volda jagar toppen på tabellen og ligg på 3. plass på tabellen. Førre runde vann dei 1-0 heime mot Rollon.

Rollon  – Bergsøy 3-1

90 min: Slutt.
86 min: Nytt byte hos Rollon.
83 min: Mål! 3-1 til Rollon etter skåring av innbytar Daniel Gjerde.
80 min: Byte hos Rollon.
71 min: Mål! Redusering frå Bergsøy etter skåring av Daniel Jøsok Kvalsvik.
67 min: To byter hos Rollon.
61 min: Mål! Rollon doblar etter eit skot frå nærare 50 meter av Andreas Blindheim.
Andre omgang er i gong.
45 min: Pause.
40 min: Sander Jacobsen er åleine med keeper, men set ballen over målet.
38 min: Nære på for Bergsøy! Daniel Jøsok Kvalsvik set ballen på innsida av stolpa, mens Marius Sporstøl set returen rett på keeper.
17 min: Mål! Rollon opp i leiinga 1-0 etter skåring av Sander Jacobsen.
14 min: Avslutning utanfor frå Franjo Tepuric (Bergsøy).
10 min: Skudd i tverrliggar frå Bergsøy.

Det vart kalassiffer førre gong desse to laga møttes, då Bergsøy vann heile 8-0 heime i Fosnavåg. Bergsøy har også for vane å vinne mot Rollon, då på dei fem siste oppgjera har Bergsøy vunne fire kampar, mens Rollon berre har vunne éin. Etter å ha vunne 4-0 over Larsnes/Gursken for fire runder sidan, har Rollon hatt ei lei tapsrekke, med tap på dei tre siste, med eit 1-0 tap for Volda førre runde. Rollon ligg på 9. plass på tabellen.

Bergsøy ligg på 2. plass på tabellen, to poeng bak Hødd 2. Dei gjekk på eit overraskande tap for Langevåg for to runder sidan, men vann 4-0 over Godøy sist runde.