Voldasyndromet

Voldasyndromet, fleire kvinner enn menn tek høgare utdanning

MINDRETAL: Tre av ti studentar ved Høgskulen i Volda er menn. Dette gjeld og nettstudia. Illustrasjon: Ellen Karin Moen

Høgskulen i Volda er over landsgjennomsnittet med ti prosent i talet kvinner som tek høgare utdanning. 

I Noreg er det i følge SSB fleire kvinner enn menn som tek høgare utdanning. I Volda er det ingen forskjell. 71 prosent av studentane ved Høgskulen i Volda er kvinner medan kun 29 prosent er menn. Dette er ti prosent under landsgjennomsnittet som ligg på 39 prosent menn som tek høgare utdanning.

Prorektor, Jens Standal Groven, ved Høgskulen i Volda fortel at sjølv om det er litt vanskeleg å sei akkurat kva som er grunnen til at det er så mange fleire kvinnelege studentar enn mannlege ved Høgskulen er det høgt sannsynleg at det har med studieretningane Høgskulen tilbyr.

– Me har ein del studieretningar som lærarutdanninga og andre som går under helsefag. Desse appellera ofte meir til jenter enn til gutar.

I 2009 snakka fylkestingsrepresentant og ordfører i Volda, Ragnhild Aarflot Kalland  om å få politihøgskulen til Volda, noko som kanskje hadde jamna ut kjønnsfordelinga hadde det gått. 

TETT GJENG: I media, IKT og design-klassa er dei fem jenter og femten gutar.
F.v. Eline Blæsterdal, Pernille Ulsrud, Ola Vilbo Hanstad og Magnus Horne

Fleire gutar hos MID

For Media, IKT og Design-studentane Ola Vilbo Hanstad, Magnus Horne, Eline Blæsterdal og Pernille Ulsrud er det rake motsetnaden innad i klassen.
– Me har berre fem jenter i klassen og rundt femten gutar, så hos oss er det jo heilt omvendt, fortel Pernille.

– Eg kan ikkje sei at eg nokosinne har tenkt over at det er så stort fleirtal kvinner her, men når ein først byrjar å tenke på det så er det veldig mange fleire kvinner her, seier Magnus.

– Ja, ein merker det tydeleg nede på Rokken. Der er det jo berre jenter, stemmer Eline i.

Kvifor det er så stor forskjell på talet menn og kvinner, det er studentane litt usikre på.

– Det kan jo ha litt med dei linjene som tilbys her å gjera? At dei trekk fleire kvinner enn menn. Snittet er jo ganske høgt på fleire av dei så kanskje kvinnene har høgare karakterar og kjem seg lettare inn enn gutane, seier Pernille og Eline.

– Og så vel vel ein del fleire menn yrkesfag. Det kan jo og ha noko å sei. Men eg syns ikkje akkurat me skal endra noko. Det er jo ein grunn til at alle dei som går her gjer det. Eg trur ikkje me bør gå i banar av kvotering av menn, fortel Ola.