Voldaspelar kåra til mest verdifulle spelar i volleyballcup

Volleyballspelar frå Volda med suksess i Sveits

SIGERSRUS: Jonas Waale Kvalen og lagkameratane på Lausanne UC jubla over siger under Volleyball Supercup i Sveits.                     Foto: Nina Kvalen

26-åringen Jonas Waale Kvalen frå Volda blei kåra til den mest verdifulle spelaren på laget under den sveitsiske supercupen i volleyball. 

– Alle lagkameratane mine kunne fått denne tittelen. Eg er veldig overraska, innrømmer 26-åringen frå Volda.

Jonas Waale Kvalen er fersk kantspelar på det sveitsiske volleyballaget Lausanne UC. Saman med klubblaget vann voldingen den sveitsiske supercupen 3-0 over Amriswil på søndag. 

– Det var ei heilt fantastisk oppleving, og det var deilig å kunne ta sigeren heim,
fortel Kvalen engasjert. Arrangementet var stort. Tusen tilskodarar skapte bra liv i hallen under cupen.

Vann kåring med ny baneposisjon

Høgdepunkta sto i kø denne helga. I tillegg til siger med det sveitsiske laget, blei Kvalen kåra til «Most Valuable Player» (MVP) på Lausanne UC under supercupen.

ÆRESTITTEL: Jonas Waale Kvalen (26) fekk ei ekstra utmerking under Volleyball Supercup 2018 i Sveits.                                                                                                  Foto: Nina Kvalen

– Vi spelte utruleg godt som lag. Alle på laget hadde fortent prisen. Eg er utruleg glad og stolt over at valet landa på meg. Spesielt når eg starta sesongen i ny posisjon på bana, seier Kvalen.

God start på sesongen

– Vi har trent hardt og ekstremt mykje fram mot denne kampen. Vi har spelt eit par treningskampar, men ein veit aldri heilt korleis ein ligg an når sesongen startar.
Heldigvis fekk vi bekrefta at vi har gjort mykje riktig, fastslår Kvalen.

Han fortel vidare om ambisjonane til laget Lausanne UC framover.
– Vi er svært nøgd med å vinne den første tittelen i sesongen. Eit av våre største mål er å vinne alle tre titlane denne sesongen, avslører Kvalen.

Trivst over heile bana

Det er tredje gong Kvalen skiftar baneposisjon. Hovudsakleg har det skjedd på grunn av skade eller mangel på spelarar.

– Eg likar faktisk å gjere alt på volleyballbana, så for meg har det vore naturleg å rotere litt rundt på posisjonane, hevdar Kvalen.

Han vaks opp som oppleggar, men bytta posisjon i sin første sesong i Belgia på grunn av ein fingerskade.

– I Belgia gjekk det veldig bra for meg som angrepsspelar, men no har eg bytta til kantposisjon. Det betyr at eg får meir ansvar i servemottaket, fortel Kvalen. Trenaren i Lausanne var nysgjerrig på å teste ut kantposisjon for Kvalen fordi voldingen er ein teknisk god spelar.

UVENTA: – Eg er ganske sjokkert, seier Jonas Waale Kvalen etter å ha motteke prisen.
                                                                                                             Foto: Nina Kvalen

Profesjonell bakgrunn

Før voldingen signerte med det sveitsiske klubblaget, har han spelt fleire sesongar både i Polen, Belgia og Italia i løpet av dei seks siste åra. Debuten fekk han i 2012
for laget Indykpol AZS Olsztyn i Plusliga i Polen, som er ein av verdas beste liga i volleyball.

Kvalen har spelt på norske landslag både på junior- og seniornivå. Han er kaptein på Noreg sitt herrelandslag i volleyball.

Satsing i ung alder

Kvalen starta karriera si i KFUM Volda med trenar Jarle Bae. Satsinga starta for fullt då han gjekk på den vidaregåande skulen ToppVolley Norge i Suldal i Rogaland.

– Eg utvikla meg stort som volleyballspelar og fann ut at eg kunne tenke meg å leve av det ein dag, avsluttar Kvalen.