Elitespelarar kjem heim for å spele eliteturnering mot gamleklubben Volda

Volleyballturnering

SATSAR: Eliteturneringa i Volda skal vere så lik som mogleg eliteseriekampane som startar i slutten av oktober. FOTO: KFUM Volda

KFUM Volda Volleyball arrangerer for tredje året på rad Sparebank 1 Eliteturnering for dei beste elitelaga i Norge – og i år for første gong med eige lag i dameturneringa!

Denne helga (27.-29. september) arrangerer KFUM Volda Volleyball Sparebank 1 Eliteturnering i Voldahallen og i Ørstahallen. Til turneringa kjem fleire av dei beste volleyball-laga i Norge. Nytt i år er at turneringa vert utvida med damelag, og at Volda damelag sjølv stiller lag.

– KFUM Volda er stolt melde av å melde at vi stiller med damelag for første gang i eliteturnering, det skriv klubben sjølv i ei pressemelding.

– Klubbens ferske elitelag vann åpningsturneringa i Bergen forrige helg, og er såleis godt budde til å møte god motstand i helga, melder klubben vidare.

På herresida deltek fire av Norges sterkaste lag. Det er fjorårets seriemeister og cup-vinnar Førde, fjorårets grunnserievinnar Koll Volleyball, andreplass i fjorårets serie Viking og nyopprykte NTNUI. Alle laga som kjem har spelarar i stallen som er utvikla gjennom aldersbestemte lag i KFUM Volda.

– Det blir spennande å sjå dei i aksjon på elitenivå, skriv klubben.

Eliteturneringa vart arrangert for første gong hausten 2017.

– Målet med turneringa har vore å gi elitelaga i Norge ei best mogleg matching før eliteserien startar første helga i oktober, forklarar Volleyball-klubben i følgje pressemeldinga.

Sportsleg leiar i Volda handball held fram:

– I tillegg har vi vært opptatt av at rammen skal være mest mulig likt kampgjennomføring i eliteserien, som blant annet betyr at lagene får nok tid til restitusjon mellom kampene, seier sportsleg leiar i klubben, Leif Røv.

Turneringa opnar med første kamp i Voldahallen på kvelden fredag 27. september. Her møter heimelaget KFUM Volda studentane i NTNUI. Så går det slag i slag med kampar i Voldahallen og Ørstahallen laurdag og søndag.

– Det blir med andre ord ei helg med mykje god volleyball både i Voldahallen og Ørstahallen, og vi håper at alle volleyballinteresserte, familie og kjende av spelarane kjem innom hallane for å sjå kampar på landets høgste nivå, avsluttar leiar Rune Aarflot.