Widerøe varslar kutt i flyrutetilbodet

Widerøe varslar kutt i flyruter

ARKIVFOTO

STATSBUDSJETTET: Hovden – Oslo kan verte råka av kutt i tilbodet til Widerøe. Årsaka er flypassasjeravgifta.

Møre-Nytt melder om kutt i flyrutetilbodet til Widerøe.

– Widerøe må konstatere at trass i at flypassasjeravgifta vert noko differensiert, er det langt frå tilstrekkeleg til å sikre vidare utvikling av dagens tilbod i distrikts-Noreg. Dette kjem fram i ei pressemelding frå selskapet.

Må kutte destinasjonar

Widerøe seier at dette vil få konsekvensar for rutetilbodet.

– Vi vil no gå igjennom rutetilbodet vårt, og vurdere kva for ruter som må reduserast i tillegg til kva destinasjonar som vert kutta frå Widerøekartet. Widerøe vil komme tilbake til dette så snart dette er klart. Dette vil sannsynlegvis ta nokre veker, heiter det i pressemeldinga.

Ifølgje Dagens Næringsliv vil rutene Hovden – Oslo, Florø – Bergen og Florø –Oslo vere av dei rutene som vert vurdert kutta. Grunnen til det er at dette er kommersielle ruter utan statsstøtte.

– Rutene har svakare lønsemd etter auken i avgifter, skriv Dagens Næringsliv.

Færre passasjerar

Samstundes kjem Avinor med septembertala, og dei fortel om nedgang i passasjertrafikken over Hovden. Det var 9.320 passasjerar som reiste til og frå flyplassen inkludert 114 passasjerar som mellomlanda. Det gjev ein nedgang i trafikken på 6,7 prosent.