Spelekvinna

Jorun Marie Kvernberg er ein av landets fremste felespelarar. Ho har valt Volda, sjølv om det er langt frå kollegaane i folkemusikkmiljøet.

Det knitrar godt i peisen på kontoret til Jorun Marie Kvernberg i Volda. Plakatar og prisar heng på veggen. Hyllene er fulle av CD-ar. Eit trøorgel står ved vindauget, og eit elektrisk piano kviler på bordet.

Kanskje er det her ho skapar musikken sin?

Det var ikkje gitt at det var musikar Jorun Marie skulle bli. Ho hadde alltid vore skuleflink. Skulle ho ta etter far sin, og bli doktor? Kanskje ho skulle bli psykolog? Sosialantropolog? Journalist?

Foreldra hennar hadde alltid lagt til rette for at ho skulle kunne bli ein god musikar. Dersom ho eller nokon av syskena hennar ville øve medan foreldra ville sjå Dagsrevyen, kobla foreldra headsetta sine til fjernsynsapparatet. Øving fekk alltid fyrsteprioritet.

Jorun Marie gjekk i kulturskulen, og lærte klassisk fiolin der. Folkemusikken fekk ho med seg frå heimen.

Ho var lenge usikker på kva for ein sjanger ho skulle velgje. Folkemusikk eller klassisk? Etterkvart byrja ho på folkemusikk-kurs. Gneisten vart tent, og brikkene byrja å falle på plass.

– Til slutt fann eg ut at det var folkemusikken eg kjende meg mest heime i. Den var mest spanande, og passa personlegdommen min best, fortel Jorun Marie. Det førte til at ho byrja på folkemusikklina på folkehøgskule på Voss.

– Det var eit utruleg fint år, og det oppsummerte mykje av det som var tankane mine om folkemusikk og folkemusikkmiljøet. Varme, rausheit og nærleik.

Etter året på folkehøgskule, søkte Jorun Marie seg vidare til folkemusikkutdanninga ved Norges Musikkhøgskole (NMH) på Majorstuen i Oslo. Det var her ho møtte mange av sine framtidige kollegaar for fyrste gong. Mange av desse blei ikkje berre kollegaar, men òg nære venar.

Miljøet ho var i på musikkhøgskulen, var prega av vilje og høge ambisjonar. I 2000, andre året hennar på musikkhøgskulen, vart ho med i folkemusikkgruppa Majorstuen. Frå her tok det verkeleg av.

– Eg vil seie at sjølv om eg hadde fin undervisning på NMH, så var det i Majorstuen eg lærte å spele fele, fortel ho.

Dei var strenge mot kvarandre. Dei stilte krav. Dei hadde høge mål, og ingen var beskjedne.

– Det var heilt greitt at det var om å gjere å vere best. Det er jo ganske sunt, trur eg - i ei periode i livet der du verkeleg skal prøve å strekkje deg.

Gruppa var tidleg ute med å eksperimentere med den norske folkemusikken. Dei spelte fleirstemt, og laga intrikate arrangement. Jorun Marie meiner at tida var moden for at folk måtte finne på noko nytt med folkemusikken - på folkemusikken sine premiss.

– Det har alltid vore eit slags mantra. Det er mange musikarar frå andre sjangrar som har gjort arrangement og spreke ting med folkemusikk, men ofte på premissa til dei andre sjangrane. Berre melodilina frå folkemusikken, til dømes. Med vår kunnskap, hadde me høve til å få med mykje meir av estetikken frå folkemusikken, fortel ho.

Majorstuen på Spellemannprisen 2004. F.v.: Synnøve S. Bjørset, Ragnhild Furebotten, Jorun Marie Kvernberg, Tove P. Hagen, Gjermund Larsen og Andres Ljones. (Foto: Kjell Bitustøyl)

Majorstuen på Spellemannprisen 2004. F.v.: Synnøve S. Bjørset, Ragnhild Furebotten, Jorun Marie Kvernberg, Tove P. Hagen, Gjermund Larsen og Andres Ljones. (Foto: Kjell Bitustøyl)

Det slo verkeleg an. I 2003, tre år etter oppstarten, glimta dei til, og stakk av med Spellemannpris for si fyrste plate, Majorstuen.

– Det var kjempestort, fortel Jorun Marie.

Jorun Marie har ei smittande ro over seg, samstundes som eit tydeleg, brennande engasjement for det ho pratar om. Ho blir inspirert av menneskemøtet i musikken. Å sjå at folk tek seg til hjartet under konsertane hennar. Å sjå at dei blir grepne av det ho viser fram.

– Det er det eg lever for som musikar. Det er det som gjev meg sjølvtillit - å sjå at eg greier det gong på gong, fortel ho audmjukt.

Ho har eit ynskje om at folk skal kome seg opp av sofaen, ut av huset, og inn i konsertsalane. At folk skal sjå verdien av kommunikasjonen både innad i publikum, og mellom publikum og utøvar.

– Det er veldig unikt å møtast på den måten - gjennom kultur, meiner Jorun Marie.

Verken Jorun Marie eller mannen hennar ville flytte for langt unna heimplassen. Jorun Marie frå Romsdal, Øyvind frå Sunnfjord. Difor valde dei å slå seg ned i Volda i 2007. Dei møtte kvarandre på folkehøgskulen på Voss, og har stort sett vore ilag sidan.

Saman har dei to ungar.

– Den deiligaste lyden er ungar som leiker ute; om dei endåtil slåst og øydelegg ting, ler Jorun Marie.

Ho kan tåle ganske mykje. Ho tenkjer at det må vere bra for hjernen og utviklinga til barna å gjere andre ting enn å sitje bak skjermen.

Familien bur i eit hus som var bygd av Øyvind sin oldefar i 1932. Jorun Marie har fått høyre frå fleire at det kjem til å bli fint der når dei får pussa opp. Men det er no ungane hennar er barn. Ho vil ikkje bruke opp desse åra på å pusse opp huset.

– Eg orkar ikkje å bruke dei kjekke åra med ungane på å vere redd for at dei skal teikne veggen. Da får dei heller teikne på veggen no, så kan eg pusse opp seinare.

Dei siste åra har ho byrja å satse meir på komponering.

– Der er det mykje upløgd mark for meg. Eg har lyst til å utvikle meg og greie å skrive for klassisk ensemble. Verk inspirerte av folkemusikken, på folkemusikken sine premiss, fortel ho.

Ho har ein forkjærleik for alt som er arrangert. Ho er glad i akkordar, og finn glede i å ta ein tradisjonsmelodi og knekke nokre kodar. Løfte den nokre hakk.

– Det tykkjer eg er veldig morosamt.

Jorun Marie meiner at kjerneverdiane er det beste med folkemusikken. At det er nærleik i tid og geografi. Ein får eit personleg forhald til det. På sitt beste har folkemusikken mykje rausheit. Og så er det fint å knytte det attende til fortida vår.

– Det er veldig fint å høyre på gamle folk som fortel ting. Som speler musikk som spegler seg ut frå heilt andre inntrykk som me ikkje kan greie å gjenskape på same måte, fordi me har høyrd og opplevd heilt andre ting.

Det aller beste i livet hennar er ungane og familien. Og augneblikka på konsertar som gjev ekstra meining.

Å bu i Volda når mesteparten av folkemusikkmiljøet bur andre plassar, kan bli einsamt. Ho ser sjeldan kollegaane sine.

Men trass alt, er ho veldig glad for å bu i distriktet. Det er mange ting med Volda som klaffar med hennar verdiar. Ho er oppteken av naturen og miljøet, glad i å fiske, og i å gå tur. Det passar ho ikkje med eit liv der ho må pendle til Oslo.

Og så er ho veldig glad i nynorsk. Difor er Volda ekstra fint.

– Eg er nynorskentusiast og sit i styret i Volda Mållag. Det er så deilig å leve i eit samfunn der det er heilt naturleg med nynorsk på butikkplater og i lokalavisa. Eg elskar det, fortel ho.

Ho hadde ikkje sett for seg å halde på som reisande musikar så lenge som ho har. Ho trudde kanskje at ho kom til å runde litt av etter ho fekk ungar. Difor passa Volda godt. Midt mellom Romsdal og Sunnfjord, og fleire potensielle arbeidsplassar som ho kunne søkt til dersom ho ville arbeide med musikken på ein annan måte.

Men det har ikkje vorte noko av. Jorun Marie tykkjer det er for kjekt å spele.

Item 1 of 3