IKKJE GREIT Å TJENE PÅ GEIT

Hogne Homberset har vore geitebonde i over 20 år.

Han trivst i rolla, men utfordringane er mange.

I fleire år har han følt seg nedprioritert av produsenten Tine.

Han ynskjer ei endring.

— Eg trur dei ser på oss som ganske uviktige.

I Hjartåbygda i Volda kommune ligg Homberset gård.

Dette er heimen til fleire hundre geiter. Og fleire skal det bli.

Sesongen for kjeing er nemleg i gong. Våren sitt vakraste eventyr - i alle fall for geitebøndene.

Men det er ikkje berre greit å jobbe med geit.

Mellom lyden av breking og kjeing,
fortel Hogne om utfordringane som geitebonde.

Kvotebegrensningar

Den største utfordringa er mjølkekvoten. Hogne får levert 95 prosent av mjølka si. Dei resterande fem får han ikkje produsert.

— Cirka 10 000 liter av mjølka får vi ikkje produsert. Det er snakk om mykje pengar, fortel han.

Kvoten har vore under 100 prosent i fleire år. Sånn er det ikkje for bønder som sel kumjølk. Dei får produsere over kvoten.

Hogne har ein klar tanke om kvifor det har blitt slik.

— Eg trur det er lettare for Tine å prioritere mjølk frå ku i staden for geit. Dei kan selje meir med tanke på plass i butikkhyllene.

Mjølkekvoter for 2024

Landbruks- og matdepartementet, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag fastsetja kvoten i samarbeid med Tine sine anbefalingar.

Kvoten for kumelk i 2024 er 1,04, (104%), for geitemelk er det 0,95 (95%).

Eksempel: Dersom du har 100 000 liter med geitemjølk i di kvote, kan du produsere 95 000 liter.

Vidare seier Hogne at det er dårleg marknadsføring for å selje produkt basert på geitemjølk.

— Eg saknar fleire produkt av geitemjølk i butikkane, spesielt i lokalområdet.

Han meiner Tine må gjere ei endring.

TINE SVARER

Peder Røed Buskenes
Kommunikasjonsrådgivar i Tine.

- Vi i Tine har hatt jevnlige møter med alle geiteprodusentane i Noreg både digitalt og fysisk.

Han seier at det blei vedteke ein strategiplan for 3 år sidan.

- Planen er å skape vekst og utvikle nye geiteprodukter.

I tillegg til å selje produkt i Norge har Tine ein plan om å utvide markedet i Asia, spesielt for brunost.

Etter pandemien var etterspørnaden på kumjølk stor.

-  Vi må be om kvotene vi har behov for. Det blir vanskeleg å likestille produkt, seier Buskenes.

- Trur du at kvoten på geitemjølk vil auke i framtida?
- Eg skal vere forsiktig med å tru noko som helst, men eg håper det. Det er målet i strategien.

Vidare seier Tine at det er mange geitebønder som ikkje produserer den mengda dei faktisk kan produsere.

Når det gjeld fylling av kvota, blir det kun produsert i gjennomsnitt 84,5 prosent.

— Vi ber ikkje om meir mjølk før vi ser at vi har behov for å selje fleire produkt, seier kommunikasjonsrådgivaren.

Hogne skal halde fram produksjonen som vanleg.

Han håper på ei lønsam framtid for alle geitebønder.

— Visst ikkje kan eg like gjerne finne på noko anna å gjere.