Frå India til Volda for å studere

Frå India til Volda

– Eg har aldri vore utanfor India før. Etter vidaregåande hadde eg lyst å dra ut i verda for å oppleve nye ting og ein anna kultur, seier Bethel Britto (19).

Overgangen er stor frå heimbygda Mangalore i India, med over 800.000 innbyggjarar, til Volda med rundt 9000. 

– Når eg fyrst kom her skjøna eg ikkje kor folk var, eg såg ingen menneske, seier ho og ler. 

Bethel har budd på Sunnmøre i eit år, på det året har ho lært seg norsk så godt at ho no  er i gang med journalistutdanning på Høgskulen i Volda.
19-åringen fortel at i India er det så store klassar at ein blir berre ein av mange. Ein av grunnane for at ho ville studere i Noreg, var fordi det er mykje mindre klassar her. 

– Her føler eg lærarane har betre tid til studentane og eg føler meg sett. 

Ho påpeikar at sjølv om ho berre har gått på høgskulen i litt  over ein månad, har ho lært ein god del allereie.  

Store forskjellar 

Indaren blei fort merksam på at nordmenn var meir direkte enn det ho var van med heime. I India er dei meir forsiktige med kva dei seier, fortel ho. 
Bethel synes at i India er dei meir pratsame enn nordmenn. Ho får inntrykk at nordmenn er veldig sjenerte av seg og veldig vanskeleg å kome innpå. 

– Eg føler nordmenn har ein glasvegg framfor seg, ein må knuse den for å kome seg innpå dei. 

Bethel kunne ikkje norsk før ho flytta frå Mangalore til Volda. Ho brukte sitt fyrste år i sunnmørsbygda til å lære seg norsk. 

 Bethel drog til Volda heilt åleine for eit år sidan.
Foto: Synnøve S. Hefte

– Eg starta fyrst med lette setningar som «kven er du?», for så å gå over til meir utfyllande setjingar. 

Sjølv om ho forstår det meste som blir sagt, syns ho det er vanskeleg å utrykke seg nokre gongar. Det er mykje ho gjerne skulle ha sagt, men syns det blir vanskeleg å formulere seg i forhold til korleis ho hadde sagt det på morsmålet sitt. 

Finnast det ein betre stad enn Noreg?

– Eg er imponert over kor organisert alt er her i Noreg, seier Bethel. 

Ho synest folk har det veldig bra her. Nokre gongar tenkjer ho at nordmenn ikkje veit kor bra dei faktisk har det. Bethel høyrer ofte at norske ungdommar klagar over Noreg, og klarar ikkje heilt forstå kvifor dei gjer det. Bethel synest Noreg er det beste landet ein kan bu i, ho klarar ikkje å finne eksempel på eit land ho kan samanlikne Noreg med.

– Om ein skulle definere ein stad som paradis, hadde det vore Noreg, smiler den indiske jenta. 

Klar framtid 

Akkurat no vil Bethel fyrst bli ferdig med barcheloren i journalistikk. Etter det er ho interessert i å finne ein jobb som undersøkande journalist i eit mediehus. Etter kvart er planen å dra tilbake til India for det ho eigentleg har lyst å arbeide med. 

– Draumejobben er å arbeide mot at kvinner blir menneskehandla og tvungne til å prostituere seg.  

I tillegg til dette vil ho også arbeide generelt mot undertrykking av kvinner og mishandling av born. 

Når eg spør ho om ho kunne tenke seg å flytte tilbake til Noreg etter kvart, har ho eit klart svar:

– Eg kunne vore pensjonist her, eg trur det å vere gamal i Noreg hadde vore fantastisk!