Manglar framleis fast lokale for fritidsklubben 

Ingen lokale til ungdomsklubb

Tone Rustestuen Aarhus jobbar hardt for at ungdommen i Volda skal ha eit lokale å være i. Foto: Synnøve S. Hefte

Tone Rustestuen Aarhus er leiar for aktivitetstilbodet Ung i Volda. Ho seier at i perioden då ungdomsklubben ikkje hadde lokale, prøvde ho så godt ho kunne å få til noko ungdomsarbeid, men at dei var huslause var eit stort problem for tiltaka.  

VOLDA:

– For to år sidan stod me heilt utan ungdomsklubb, fortel Tone.

No er ungdomsklubben flytta til Hamna 20, men dette er ikkje langvarig. Tone fortel at romma dei no brukar som ungdomsklubb eigentleg er vaksenopplæringa sine. Dei trong ikkje alle romma så dei prøvde å seie opp avtalen dei hadde med Coop Extra, som eig bygget. Tone fekk tips om dette, oppseiingstida var på to år, så då hadde dei ein stad dei kunne være enn så lenge.   

– Me håpa på at me berre trong å vere her i eitt år til me fekk fast lokale, no er me på vårt andre år. 

Tilbodet gjeld frå 8. klasse til ungdommane er 18 år. Klubben er open kvar tysdag, torsdag og kvar fyrste fredag i månaden. Her er det både diskotek, forskjellige fredagsarrangement og konsertar. Dei er også med på å arrangere UKM her i Volda. Tone syns det er viktig at ungdommen sjølv får vere med å bestemme, difor er det open for at dei også er med å arrangerer. 

–I ei perfekt verd skal forslag til arrangement helst kome frå og med ungdommen sjølv.

Tidligare har det vore ein konsert i lokalet, scenen har berre plass til slagverk. Foto: Synnøve S. Hefte
Sjølv om det er lite plass i lokala der fritidsklubben held hus no, har dei hatt ein konsert her før. Det er berre plass til eit slagverk på scenen. Foto: Synnøve S. Hefte

Ung i Volda

Som sagt er ikkje planen at dei skal vera på Hamna heile tida. Det er derfor dei kallar seg Ung i Volda, i staden for å kalle seg Hamna eller Telebygget, som den gamle ungdomshuset heitte. Slik føler klubben seg meir flyttbare. 

Kva er ståa med nytt klubbhus akkurat no?

 – Me driv å planlegg eit møte der me skal diskutere dette neste veke. Me skal ha idémyldring  og ta dette vidare til med tenesteutvalget for kunst og kultur.

Tone kan ikkje uttale seg om det blir eit nytt ungdomshus, men det er i planane for administrasjonen. 

– Alt er opp til politikarane og kva dei prioriterer. Eg håpar berre me får midlar så me får det til.

Det Tone syns er dumt er at ungdommane blir knytt til lokala, sjølv om klubben ikkje har ein fast stad. Ungdommen i Volda likar Hamna, men dei tre romma strekker ikkje til.  Tone tenkjer spesielt på at eit kjøkken hadde vore fint, så dei kan servere og lage mat.

Det fysiske slår det teknologiske 

I den verste koronaperioden prøvde ungdomshuset å arrangere digital klubb, det fortel Tone var ei stor utfordring. 

Det viktigaste med ein klubb er jo det sosiale. Det som er konseptet med eit fritidstilbod som dette er at folk faktisk kan møtast. 

Tone fortel at Ung i Volda sin snapchat fekk i den perioden også fleire snappar av ungdommar, kanskje fordi dei var einsame eller kjeda seg. Det var mange som spurte om når klubben skulle opne igjen. 

      

På Hamna har Ung i Volda tre lokaler, her har dei prøvd å utnytte den lille plassen dei har. Foto: Synnøve S. Hefte
På Hamna har Ung i Volda tre rom, her har dei prøvd å utnytte den vesle plassen dei har. Foto: Synnøve S. Hefte

  

Framtida til nytt lokale er usikker etter avtalen går ut til nyttår. Foto: Synnøve S. Hefte

Ho seier ho synest det er fantastisk å sjå at det er lite mobilbruk på klubben. Sjølv om ikkje alle er med på å spele biljard for eksempel, er folk rundt og ser på folk speler. 

Dei som jobbar her prøver å unngå å være så mykje på mobilen, for å vise ungdomen at ein helst skal snakke med kvarandre når ein er på klubben. Konseptet er jo at dette skal være ein stad ein kan være sosial læringstad. Dette er viktig i ein verd der me er meir og meir pålogga. 

Ligg i lause lufta

Kardis Bergitte Hasfjord, leiar av avdeling kultur i Volda kommune, bekreftar at plan for lokale til ungdomsklubb framleis er usikker og at det er noko ein bør planlegge dette fortløpande.