Amanda (7) driv med motorsport: – Det går veldig fort

Amanda var berre seks år då ho ble interessert i motorsporten trial. Ho elsker å suse avgårde så fort ho kan. 

I fyrste episode av miniserien til Nærsynet, «Kule kids», møtar vi sju år gamle Amanda Sylte Tjugen frå Hjartåbygda, som har ein sterk lidenskap for å køyre trialsykkel.

– Eg kan køyre veldig fort, seier Amanda.

I Noreg er det berre rundt 800 som køyrer trialsykkel. Amanda er med i Volda og Ørsta Trialklubb og er blant dei aller yngste deltakarane. Men no kan ho få selskap. Nett no kan ein sjå Amanda på sykkelen i NRK Super-serien «Eg går på». Det har gjort at mange i klassen ynskjer å prøve.

– Då dei såg episoden, spurte dei meg kor eg kjøpte trialsykkelen. 20 stykker hadde lyst og vi er 27 i klassen, seier den lidenskapelege trialkøyraren. 

LITT SKUMMELT: Amanda blir nokon gonger litt redd for å falle av sykkelen i nedoverbakkane. FOTO: Espen Johannes Langeveld

Engasjert pappa

– Kan eg køyre ned sklia? spør Amanda.

– Nei, då må du bli litt eldre fyrst, seier pappa Henning Sylte Tjugen. 

Det var han som spurde om Amanda ville prøve seg på den vesle motorsykkelen. Når Amanda fyk avgårde følgjer han nøye med frå sidelinja. Han blir stadig imponert av dottera. 

– Det er fleire som har satsa på trial som synes det er litt skummelt. Det er jo ein tung sykkel. Det er tøft av ho å drive på med dette, seier pappa Sylte Tjugen.

FØLGJER MED: Pappa Henning Sylte Tjugen er alltid på plass med ei hjelpande hand. FOTO: Espen Johannes Langeveld

Han legg vekt på at køyringa skal foregå slik som Amanda ynkjer det. 

– Vi drar ut når ho har lyst. Etter at Amanda var med i NRK Super-serien blei ho veldig ivrig på å køyre. Vi prøver likevel å ikkje gå for fort fram. 

– Vil køyre til eg blir vaksen 

Sjøl om Amanda berre har køyrt i eitt år, har ho allerede deltatt i sin fyrste konkurranse. 

– Det var gøy å få pokal, seier Amanda. 

Og ho har store ambisjonar for køyringa:

– Eg drøymer om å ta salto i lufta, men eg trur ikkje det går an.

Og når Nærnett spør kor lenge ho vil køyre er ho heilt tydeleg:

– Heilt til eg blir vaksen, seier sjuåringen og smiler breidt.